Hopp til innhold
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

Friluftsliv og gode naturopplevingar

FRILUFTSLIV OG GODE NATUROPPLEVINGAR!

Vårt overordna mål er at barna skal oppleva glede, meistring og læring når dei er ute, gjennom gode og meiningsfylte opplevingar med andre barn og vaksne. Me ynskjer å ha fokus på friluftsliv og gode naturopplevingar. For oss betyr det at me vil vera mykje i naturen og ute på tur med alle barnegruppene heile året. Me kjem til å ta med oss det pedagogiske arbeid ut og leggja planar for ulike aktivitetar og opplevingar for barna ute i naturen.

Naturen er ein spanande og utfordrande leikeplass for små barn. Det er viktig å gje barna gode erfaringar og varierte opplevingar i naturen, og på den måten leggja grunnlaget for betre helse og auka livskvalitet seinare i livet. Barna vert utfordra til aktivitet og undring. I det fine og varierte nærområdet til Dalen FUS barnehage, får barna bruke sin naturlege nysgjerrigheit og utforske naturen.

Ved å bruke heile kroppen i det ulendte terrenget erfarer og lærer barna med alle sansane sine, dei ser, luktar, høyrer, smakar og føler. Gjennom utfordringar og meistringskjensle lærer barna å kjenne sin eigen kropp, med muligheiter og avgrensingar på en heilt naturleg måte. I naturen vert leiken mindre styrt, det er større rom for kreativitet og leiken utviklar seg sjølv. Barna leikar meir på tvers av alder og kjønn og på ein meir inkluderande måte. Konfliktar kan lettare oppstå mellom barn innandørs. Usemje om leiker og det å tilpassa seg kvarandre på eit lite område kan vera utfordrande. Dette er ikkje eit problem når barna oppheld seg i naturen.