Når barn og unge treng hjelp
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Kvam. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer me BTI-modellen for å sikra at barn og unge får den hjelpa dei treng.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
Korleis gå fram med ei bekymring for eit barn eller ein ungdom?
Det er godt for barn og unge å veksa opp i eit lokalmiljø med trygge vaksne. Når barn har det vanskeleg, er det viktig å møta vaksne som ser dei og hjelper dei. Me har eit felles ansvar for eigne barn, barn i familien, i venekretsen og i nabolaget.
I Kvam tek me alle bekymringar som gjeld barn og unge, like alvorleg, om det er små eller store bekymringar. Du kan drøfta bekymringa di og søkja hjelp hos alle i kommunen som arbeider med barn. Det kan vera lærar/rektor, nokon som er tilsett i offentleg eller privat barnehage, helsesjukepleiar, utekontakt eller ring til sentralbordet for ein kontaktperson. Les meir om Uro for barn og unge.
I Kvam herad jobbar me saman med barnet og familien for å sikra at grunnlaget for bekymringa vert handtert gjennom BTI – Betre tverrfagleg innsats som system for god oppfølging.
Les meir om dei ulike tenestene i kommunen.
Ønsker du å melda ei bekymring knytt til omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal du kontakta barnevernstenesta i Kvam for å drøfta anonymt eller melda saka. Du kan også drøfta saka i kommunen sitt konsultasjonsteam.
Tilbod for ungdom i kommunen vår
Helsestasjons- og skulehelsetenesta
917 11 245 (Torill Høyland)Helsestasjon for ungdom
918 26 285 (Linda Karin Haga) 954 02 669 (Christel Mo Vik)Barnevernet
56 55 30 50 (sentralbord)PPT
56 55 30 50 (sentralbord)Utekontakten
977 28 718 (Heidi Schelin)Familiesenteret
908 62 106 (Anna Mo-Bjørkelund)Konsultasjonsteamet for vald og overgrep
56 55 30 50 (Sentralbord)Sentralbord rådhuset
56 55 30 00
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direkte kontakt med politi 112 eller barnevernstenesta 56 55 30 50.