Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutiner og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og andre barn. Rammeplanen, kap. 6.
Barnets første møte med barnehagen vår skal derfor vere prega av trygg tilknyting og gode rutiner. Barnet skal venne seg til ein ny kvardag, nytt miljø, nye rutiner, bli kjent med mange framande menneske og, ikkje minst, venne seg til å vere atskilt frå føresette. Barnehageoppstart er derfor ein sårbar periode for barnet, og også for foreldra.
Foreldremøte før oppstart.
Vi inviterer føresette til alle nye barn til foreldremøte før sommarferien. Då blir det ein liten presentasjon av barnehagen og føresette får møte pedagogane på avdelinga til barnet sitt. Det blir godt høve til å få svar på spørsmål ein lurer på, og det blir planlagt korleis tilvenninga vil gå føre seg.
Besøke barnehagen før oppstart.
Vi vil gjerne at barna skal besøke barnehagen før oppstart, og avtalar dette med kvar enkelt familie.
Foreldreaktiv tilvenning.
Føresette må setje av god tid til tilvenning. Vi oppmodar om å planlegge dette, og evnt ha feriedagar til gode eller bruke siste del av permisjonstida, slik at ein ikkje blir stressa og føler seg pressa til å bruke kortare tid enn barnet treng. Personalet og føresette må saman finne ut av kva barnet har behov for, og vurdere kor mange dagar føresette bør vere i barnehagen.
For barn under tre år må ein pårekne ei tilvenningtid på minst fem dagar, ei vekes tid altså. For barn som tidlegare har erfaring med barnehage og barn som er over tre år, kan ein rekne noko kortare tid. Rekn likevel med minst tre dagar, så kan ein heller sjå an behov for lenger tilvenningsperiode.
I starten er foreldra til stade med barnet heile tida. Foreldra deltek då aktivt saman med barnet i leik og med praktiske handlingar som måltid og bleieskift. På den måten kan personalet observere og bli kjent med barnet gjennom foreldra.
Barnet får eit fast personale å forhalde seg til i starten. Denne primærkontakten er til stade og leikar og samhandlar med barnet, og tek gradvis over i praktiske oppgåver. Det er viktig at barnet blir godt kjent med og får god tilknyting til primærkontakten sin. Barnehagekvardagen er i midlertid slik at alle i personalet ikkje er til stade til ei kvar tid, så det er viktig at barnet også blir kjent med og trygg på alle vaksne på avdelinga så snart som mogleg.
Oppstartssamtale
I løpet av tilvenningstida vil vi gjennomføre ein oppstartssamtale. Det er ein av pedagogane som tek samtalen. Hensikten med samtalen er at barnehagen får den informasjonen ein treng for å kunne ta seg av og møte barnet på best mogleg måte. Vi har eit fast skjema med tema vi vil samtale om, og føresette får skjemaet på førehand for å førebu seg.
Barnas behov.
For å sikre ei trygg og god tilknyting er det viktig å anerkjenne barnets reaksjonar og behov. Vi skal la barnet få lov til å vere lei seg når føresette må gå, og ikkje avlede, men trøste og sette ord på at det er leitt.
Barnehagen skal elles bli kjent med barnet og barnets rutiner og preferansar, og tilpasse seg disse i den grad det let seg gjennomføre. Barnehagens dagsrytme må særleg i tilvenningsperioden tilpassast barnas behov. Barna må til dømes få kvile/sove når dei har behov for det, og mange barn treng to soveøkter i barnehagen. Erfaringsvis blir barnas soveøkter samkøyrde i løpet av nokre veker, og ein får meir faste kvildetider etter kvart.