Barnehagelærar/pedagogisk leiar

Søknadsfrist: 2022-01-27 - Ølensjøen FUS barnehage as, Vindafjord

Ølensjøen FUS barnehage as er ligg plassert i Ølen sentrum og har kort veg til sjø, skog, idrettsannlegg/basseng og andre fasiliteter. Med FUS-bussen oppsøkjer me turmål lengre vekk frå barnehagen, å oppleve variert natur som leike- og læringsarena gir vedifulle erfaringar og opplevingar. Det er mange språk og kulturar representert i barnegruppene, språkarbeid og inkludering står sentralt i arbeidet vårt. Barnehagen er deltakande i to kompetansehevingsprosjekt: Barnet Først - TIK/CLASS og læringsmiljøprosjektet.

I utgangspunktet er dette ein fast barnehagelærarstilling, med vikariat som pedagogisk leiar i perioden 01.04.22 t.o.m. 31.12.22. Stillinga kan bli omgjort til fast pedagogisk leiar.

I FUS satsar me på høg og likeverdig kvalitet i relasjonen mellom tilsette og barn. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at personalet utviklar seg saman med eigne kollegaer i tett samarbeid med universitets - og høgskulesektoren. FUS har fokus på høgt nærvær som bidrar til at barna får ein trygg og god start. Fordi i FUS kjem barna først! Me har derfor forventningar til våre tilsette. Kjenner du deg igjen?

Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert? Er du bevisst din vaksenrolle og barnet sin rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapleg perspektiv og finn løysingar på utfordringar?

Ja? Då er du FUS!

Arbeids - og ansvarsoppgåver vil væra:

  • Dagleg leiaransvar og overordna administrativt og pedagogisk ansvar for sin avdeling
  • Ansvar for å gjennomføre og synleggjere pedagogisk utvikling på sin avdeling
  • Være ein del av barnehagen sitt leiarteam
  • Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn

Me tilbyr:

  • Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av Norge sitt største private barnehagenettverk
  • Stort fagmiljø med intern kompetanseutvikling
  • Høve til å være med å utvikle barnehagen
  • Opplæring gjennom FUS Skulen
  • Ordna tilsettingsforhold
  • Eigne FUS klede

Me ønsker at du:

  • Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert
  • Har eit stort engasjement for barnehagefaget og menneska du leiar
  • Har ei grunnleggjande tru og fokus på utvikling av sterke relasjonar til tilsette, føresette og samarbeidspartnarar
  • Er utdanna barnehagelærar
  • Veit at barna har noko å lære av deg som menneske
  • Likar å være ute, leike og være på tur med barn

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å være ein barnehage prega av mangfald - me oppfordrar derfor også menn til å søkje på denne stillinga.Tilsetting forutset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell oppstart i stillinga.

Kontaktpersoner:
Jenny Haugland Gundersen
dagleg leiar
53766220
dl.olensjoen@bhg.no

Søk her


Som en av Norges største barnehagekjeder har FUS høye forventninger til innsats. Vi vil ha ansatte med ambisjoner og forventer faglig utvikling og godt lederskap som gir muligheter for karrierestige. Dette bidrar til å gjøre oss til en attraktiv arbeidsplass. FUS Barnehagene består av over 180 barnehager med over 3400 ansatte og 14 000 barn fordelt i 85 av landets kommuner. I FUS Barnehagene er barna FUS (først) og hverdagen preges av et glødende, tilstedeværende og engasjert personale som gir barna en skapende hverdag. Gjennom lek, omsorg og læring i et trygt miljø får barna utvikle seg, oppleve mestring og møte nye utfordringer. Visjonen er vår ledestjerne og gir mening til jobben vi gjør; Sammen gir vi barndommen verdi, lek og glede, vennskap og hverdagsmagi.