LEDIGE STILLINGER

Me søker faglig sterk og reflektert pedagogisk leiar med god relasjonskompetanse

Søknadsfrist: 2019-06-01 - Sagvåg maritime FUS barnehage as, Hordaland

Barnehagen med rom for opplevingar, leikelyst og barnet i fokus!

Sagvåg maritime FUS barnehage ligg sentralt til i Sagvåg. Hjå oss er det godt å vere barn!

Me er ein 4 avdelings basebarnehage som jobbar prosjektbasert, og har som mål at barna våre skal kjenne til, kjenne tilhørighet til og vere stolte av den rike kystkulturen i Sagvåg! Det maritime temaet gjennomsyrer det faglege innhaldet og miljøet i barnehagen, og satsingsområda våre er Sagvåg sin kystkultur, leik og barn sin medverknad. Me har eigen båt og minibuss som me bruker aktivt på turar i nærmiljøet.

Heile personalet vårt har godkjent båtførarbevis og livredningskurs.

Me har ledig fast stilling som pedagogisk leiar, 100%, frå 1.8.2019.

I FUS satsar me på høg og likeverdig kvalitet i relasjonen mellom tilsette og barn. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at personalet utviklar seg saman med eigne kollegaer i tett samarbeid med universitets - og høgskulesektoren. FUS har fokus på høgt nærvær som bidrar til at barna får ein trygg og god start. Fordi i FUS kjem barna først! Me har difor forventningar til våre tilsette. Kjenner du deg igjen?

Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støtter du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på en open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du fagleg råd og vegleiiing i utfordrande situasjoner? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert? Er du bevisst di vaksenrolle og barnet si rolle? Evner du å sjå deg sjølv og utfordrande kvardagssituasjoner i eit heilskapleg perspektiv og finn du løysingar på utfordringar?

Ja? Da er du FUS!

Arbeids- og ansvarsoppgåver vil blant anna vere:

  • Leiaransvar og overordna administrativt og pedagogisk ansvar for din avdeling/base
  • Ansvar for å planlegge, gjennomføre og synleggjere pedagogisk utvikling på din avdeling/base
  • Vere ein del av barnehagen sitt leiarteam
  • Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn

Me tilbyr:

  • Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av Noreg sine største private barnehagenettverk
  • Stort fagmiljø med intern kompetanseutvikling
  • Høve til å være med å utvikle barnehagen
  • Opplæring gjennom FUS skulen
  • Ordna tilsettingsforhold
  • Eigne FUS klede

Me ønskjer at du:

  • Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert
  • Har eit stort engasjement for barnehagefaget og menneska du leier
  • Har ei grunnleggjande tru og fokus på utvikling av sterke relasjonar til tilsette, foresatte og samarbeidspartnerar
  • Er utdanna barnehagelærar
  • Veit at barna har noko å lære av deg som menneske
  • Liker å vere ute, leike og vere på tur med barn
  • Er fagleg sterk og reflektert rundt eigen praksis
  • Er positiv og løysingsorientert
  • Er eit godt forbilde og har evne til å samarbeide med, og leie andre på ein god måte
  • Evner å drive fagleg utvikling

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignethet, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere en barnehage prega av mangfald - me oppfordrer difor også menn til å søkje på denne stillinga.Tilsettinga forutset godkjent politiattest med heimel i barnehagelova, som må leverast før eventuell tiltredelse i stillinga.

Kontaktpersoner:
Kari Vraspillai
Dagleg leiar
90870663
dl.sagvag@bhg.no

Søk her


Som en av Norges største barnehagekjede har FUS høye forventninger til innsats. Vi vil ha ansatte med ambisjoner og forventer faglig utvikling og godt lederskap som gir muligheter for karrierestige. Dette bidrar til å gjøre oss til en attraktiv arbeidsplass. FUS Barnehagene består av over 170 barnehager med over 3000 ansatte og 12 000 barn fordelt i 84 av landets kommuner. I FUS Barnehagene er barna FUS (først) og hverdagen preges av et glødende, tilstedeværende og engasjert personale som gir barna en skapende hverdag. Gjennom lek, omsorg og læring i et trygt miljø får barna utvikle seg, oppleve mestring og møte nye utfordringer. Visjonen er vår ledestjerne og gir mening til jobben vi gjør; Sammen gir vi barndommen verdi, lek og glede, hverdagsmagi og vennegaranti.