
Drama som pedagogisk verktøy
Bakgrunn for prosjektet:
«Bli med til Soria Moria Land, landet der alt kan skje, der Askeladden får sin prinsesse, der troll er store og farlige, og romvesener møter menneskebarn for første gang. Fantasilandet Soria Moria kan vi finne i barnehager der de voksne stimulerer barna til dramatisk lek, gir dem opplevelser og erfaringer gjennom drama og selv blir lekende voksne» (Berggraf Sæbø, 2020, s 13).
Tenk tilbake til din eigen barndom og det leikande barnet du ein gong var. Korleis pinnar blei tryllestavar og bakken under føtene dine var heile verda. Der alt kunne skje og alt var mogeleg. Treet du klatra i var slottet du budde i, gamle røter var farlege dragar og tida stod både stille og gjekk usannsynleg fort på ein gong. Det leikande barnet i deg finst der endå. Kanskje er det i dag ein leikande vaksen? Gjennom arbeid med dette prosjektet skal me leite fram den leikande vaksne i oss, som i møte med dei leikande barna kan skapa magiske møter i Soria Moria Land.



Litt om drama:
Kva akkurat du og eg tenkjer når me høyrer ordet «drama» kan vere høgst forskjellig og vil vere avhengig av dei opplevingane og erfaringane me har hatt med drama. Nokre tenkjer skodespel, andre tenkjer på sterke, rystande opplevingar i livet. Me som jobbar i barnehagen tenker kanskje på late- som- leiken. Berggraf Sæbø som er hovudkjelda i dette prosjektet beskriv i boka «Drama i Barnehagen» at drama er ei symbolsk handling. Det å framstille symbolske handlingar i dramatisk spel er og blir kjerna i teaterkunsten og dramafaget og i barna sin dramatiske leik.
Litt om barna:
Barn er opptatt av å oppdage, undersøke, forstå og forklare verda og «samlar» difor på erfaringar, inntrykk og opplevingar. Desse inntrykka og opplevingane (det me ser, høyrer, føler, luktar og smakar) vert omdanna til dei førestillingsbileta som danna grunnlaget for barna si forståing av verda. For at disse inntrykka og opplevingane skal gje utvikling og vekst må dei bearbeidast.
Gjennom arbeid med drama styrker ein fleire av barna sine kompetansar:
S O S I A L kompetanse
E T I S K kompetanse
I N T E L L E K T U E L L kompetanse
E M O S J O N E L L kompetanse
S P R Å K L E G kompetanse
M O T O R I S K kompetanse
E S T E T I S K kompetanse
Mål med prosjektet:
Inspirere barna til ulike typar leik og bidra til å utvikle leikekompetansen deira. Skape eit fellesskap mellom barn og vaksne gjennom felles opplevingar. Gje barna inntrykk og mogelegheit til å uttrykke seg sjølv gjennom arbeidsmetodar i dramafaget.
Mål for personalet:
Bidra til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik og leggje til rette for utvikling av leiketema. Bli bevisste vår rolle som deltakar i dramatisk leik. Bli gode på å ta initiativ til og bidra til at alle kjem inn i leiken.
Mål for barna:
Styrke barna sitt sjølvbilete, bidra til at dei blir tryggare i seg sjølv. Styrke barna si evne språkelege evne og evna til kommunikasjon. Styrke barna si evne til samarbeid og samspel med andre. Utvide deira forståing av verda rundt seg.


.jpg?timestamp=1644784623662)