Hopp til innhold
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

KYSTKULTURSTIEN VÅR

Eit mål me har for arbeidet våras i barnehagen er at barna skal kjenna til kystkulturen i Sagvåg og visa stolthet av å høyre til her. Som ledd i dette arbeidet har me laga oss ein kystkultursti. Gjennom kystkulturstien ynskjer me bli betre kjende med den rike kulturen i bygda vår.

Stien inneheld stader som me har knyta historiar til. Dette er historiar som i seg sjølv er fine for barna, men som også gir oss kunskap om staden historien er knytta til. For å skapa interesse for kystkulturstien, har me ein del rollefigurar som går att i dei ulike historiane. Me opplever td Kiskaien gjennom Ansgar og Gunnar, Tønnefabrikken gjennom Måshild, Sauekrambua gjennom Pederen og Gunda og Jensaneset gjennom Sagmusa og katten Jensen. 

Kystkulturstien er ein del av oss og skal prega historiane som blir fortalde, samtale og undring, turar og ikkje minst prosjekt.  

Det siste året i barnehagen får barna vera med i Gruveklubben. Dette året har barna fokus på prosjekt om gruvene og den spanande historien rundt den tida, på Litlabø. Me vert kjende med gruvene gjennom Ansgar og Gunnar, som vaks opp i gruvene, med ei mor som jobba på Vaskeriet og ein far som jobba inne i gruvegangane. Året vert avslutta med ei stor samling der me syng for foreldre og besteforeldre inne i gruvene før skikkelig kakefest i Heishuset.