Loading...
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

Velkommen til Sandven FUS barnehage

Avdelingar

Fjell - Måneklubben
Pedagogisk leiar
Anny Rykken og Kristina Steine
Tlf: 91 52 95 97
anny.rykken@bhg.no og kristina.steine@bhg.no
Barn f. 2018
Fjell - Firkløver
Pedagogisk leiar
Kjersti Eide og Salih Saglwia
Tlf: 91 52 95 97
kjersti.eide@bhg.no og salih.saglwia@bhg.no
Barn f. 2019
Fjell - Jordbær
Pedagogisk leiar
Vaida Brazdzionyte
Tlf: 91 52 95 97
vaida.brazdzionyte@bhg.no
Barn f. 2020
Fjord
Pedagogisk leiar
Anetta Sawicka, Hege Larsen, Ingrid Knutsen og Randi Dalen Halvorsen
Tlf: 91 38 58 47
anetta.sawicka@bhg.no, hege.larsen2@bhg.no, ingrid.knutsen@bhg.no, randi.halvorsen@bhg.no
Barn f. 2021 og 2022

Vis alle

Ansatte

Anette Berg Leiren

Dagleg leiar

Anette har vore dagleg leiar i Sandven FUS sidan oppstarten i 2009. Ho er ein trygg leiar som set retning! Ho er grundig i arbeidet sitt og imøtekomande mot alle. Ho stiller krav til dei tilsette og tek vare på alle.  Ho er ikkje redd for å ta tak i ting og handla nå trengs. Anette er ein dagleg leiar som invovlerer seg og kjenner alle barna i barnehagen. Det er viktig for ho å ha god kjennskap til kva som skjer ute på basane. Anette er utdanna barnehagelærar og har ein bachelor i interkulturell forståing.

Anny Rykken

Pedagogisk leiar
Fjell/Måneklubben

Anny er eit ungt og friskt tilskot i barnehagen vår. Ho er utdanna barnehagelærar og er ei reflektert og klok ung dame, som ser barna og les situasjonar godt. Anny er engasjert og deltakande i leik og i barna sine daglege aktivitetar. Ho er god på støtte barna og finne eigne løysingar. Ho er positiv og har ei mild framtoning som gjer at alle trivst godt rundt ho. Anny er engasjert, ivrig og alltid interessert i å lære meir.

Kristina Steine

Pedagogisk leiar Fjell/Måneklubben

Kristina er utdanna barnehagelærar. Ho er avbalansert, trygg, kreativ og viser stort engasjement for jobben sin. Ho brenn for leikens eigenverdi. Ho er oppteken av relasjonar mellom barn-barn og barn-vaksen, og korleis me kan leggja tilrette for gode og varierte dagar i barnehagen. Kristina gjev mykje til arbeidsmiljøet vårt. Ho jobbar for at alle skal kjenna at dei er inkludert og har det kjekt på jobb. Kristina gjev alltid det lille ekstra!

Gerda Tiliuviene

Barnehageassistent Fjell/Måneklubben

Thor-André "Totto" Mjåtvedt

Barne- og ungdomsarbeidar Fjell/Måneklubben

Totto har jobba i Sandven FUS barnehage over 10 år. Han er no utdanna barne- og ungdomsarbeidar og er eit kreativt multitalent. Han kan saman med barna laga alt frå musikkvideoar til gapahukar, noko som gjer han til eit inspirerande førebilete for barna. Totto er ein tydeleg og reflektert vaksen som brenn for å støtte og inkludera dei barna som av ulike årsaker kan ha ei utfordrande åtferd.

Kjersti Eide

Pedagogisk leiar Fjell/Firkløver
CLASS-observatør Pre-K

Verneombod

Kjersti er ein pedagogisk leiar med lang erfaring i faget. Ho er utdanna ved Høgskulen i Sogndal og er nyleg sertifisert  CLASS-observatør. Ho møter både store og små på ein trygg og roleg måte, og er gos på å engasjere barna i samling og lesestunder, der ho gjerne nyttar det  imponerandre repertoaret av eventyr og songar ho kan utanatt.  Kjersti er ein dyktig pedagog som er oppteken av leik og korleis ein best kan støtta barna i å bygga god sosial kompetanse.

Salih Saglwia

Pedagogisk leiar Fjell/Firkløver

Anita Rogde

Barne- og ungdomsarbeidar Fjell/Firkløver

Anita har jobba i barnehagen heilt sidan den opna, og har etterkvart teke fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anita er veldig glad i dans og musikk, og deler denne gleden med barna. Ho er også veldig glad i naturen og alle turmoglegheitane me har rundt oss. Anita er ein veldig trygg og god vaksen for små og store, og tek alle på alvor og viser forståing. Anita skaper god foreldrekontakt, og er god på å dele små og store ting med føresette ved levering og henting. I barnehagen er ho kjend som "Hjarte-Anita", det dukkar alltid opp hjarter rundt Anita!

Hanne Brit Aase

Barne- og ungdomsarbeidar Fjell/Firkløver og Fjord

Hanne Brit har erfaring frå ulike yrke, og er også utdanna barne- og ungdomsarbeidar. Hanne Brit er ei tydeleg og tolmodig dame, som har ein eigen ro over seg. Dette er er noko som ho på magisk vis klarar å overføra til barnegruppa. Ho er ein god lyttar samstundes som ho rettleiar barna til sjølvstende. Hanne Brit er glad i friluftsliv og er ein av barnehagen sine faste minibuss-sjåførar. Hanne Brit har også sertifisering innan yoga for born (YoBa), og barnegruppa får nyta gode rolege stundar saman med Hanne Brit på YoBa.

Torill Opheim

Fagarbeidar Fjord

Vaida Brazdzionyte

Pedagogisk leiar Fjell/Jordbær

Vaida har sin barnehagelærarutdanning frå universitetet i Vilnius i Litauen. Utdanninga er godkjend i Noreg. Ho har i tillegg til barnehagelærarutdanning ein master i leiing. Vaida begynte i barnehagen vår i 2018. Ho er ei kreativ dame, og har alltid mange spanande idear innan kunst og forming som  dei små barna på Fjord får prøva seg på. Vaida er i tillegg oppteken av kjenslelivet  til små barn, og møter alle barn og deira kjensler på ein god og open måte.

Mona Kleiven

Barne- og ungdomsarbeidar Fjell/Jordbær

Mona har vore ein del av FUS-barnehagen vår i ein årrekke, og har i vaksen alder teke fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.  Mona er dyktig på å sjå  og vera interessert i kvart enkelt barn. Ho møter alle med eit smil om munnen, og legg hjarta sitt i jobben ho gjer. Mona er ein trygg vaksen som sprer mykje glede. Mona ser moglegheitar i alle situasjonar både ute og inne, og set gjerne i gang kreative prossessar.  Ho er ei inkluderandre og rettferdig dame som me er veldig glad for å ha med på laget.

Anetta Sawicka

Pedagogisk leiar Fjord

Anetta jobbar som pedagogisk leiar i Sandven FUS barnehage. Ho er utdanna barnevernspedagog med master frå Polen. Ho har tilleggsutdanning i småbarnspedagogikk og barnehagepedagogikk fra NLA i Bergen og er godkjend som barnehagelærar i Noreg. Ho har jobba hos oss sidan 2011. Anetta er oppteken av at me vaksne til ei kvar tid skal vera medvitne våre haldningar i møte med barnet og sjå ting frå barn sitt perspektiv. Ho er oppteken av leik, og legg tilrette for at barna skal få tid og gode arenaer for den viktige leiken, der barna har gode foresetnader for utvikling. Anetta set stor pris på å få kunna bidra til å vera med på å rettleia barn til allsidig utvikling gjennom leiken. Anetta bidreg alltid med litt humor og tull og tøys i kvardagen til glede for både barn og vaksne.

Hege Larsen

Pedagogisk leiar Fjord

Hege er pedagogisk leiar på Fjord, Grøn gruppe. Ho har barnehagelærarutdanning med fordjupning i forming frå Høgskulen i Sogndal, og 1 årig tilleggsuttdanning i forming med hovudvekt på tekstil. Hege har jobba i Sandven FUS barnehage sidan oppstart i 2009. Ho er ein trygg pedagog med lang erfaring. Ho er oppteken av yoga for barn, og er YoBa-instruktøren vår på Fjord. Hege er ein god formidlar, og har fantastiske eventyrstundar med barna. Hege er svært kreativ og kjem med mange spanande idear til aktivitetar i kvardagen vår.

Ingrid Knutsen

Pedagogisk leiar Fjord

Randi Dalen Halvorsen

Pedagogisk leiar Fjord

Randi er utdanna barnehagelærar med drama som fordjupning ved Høgskulen i Telemark, der ho var ferdig i 2001. Ho har jobba i Sandven FUS sidan 2012. Randi er raus og har eit stort hjarta. Ho har alltid en ekstra plass på fanget til den som treng litt ekstra nærleik. Randi brenn for at barn skal oppleva å vera trygge i gode omgjevnader der dei kan utforska, oppleva og erfara med støtte frå dei rundt seg. Randi er oppteken av at barna får utvikla eit tydeleg eg, samstundes som dei er ein viktig del av eit me

Christelle Longo

Barnehageassistent med kompetansebevis Fjord

Elin Aarsand

Barnehageassistent Fjord

Elin har jobba i Sandven FUS de siste 5 åra. Ho brenner for at barn skal ha ein trygg og god plass å vera der dei får leika, utforska, oppleva, skapa gode vennskap og utvikla seg sjølv. Elin er ein trygg og varm vaksen som er oppteken av å knytta tette bånd med barna, og set pris på å få dela kvardagen og fine stunder saman med barna på Fjord.

Kelsey Rose Rykkje

Fagarbeidar Fjord

Lisa Øfsti Ormbostad

Barne- og ungdomsarbeidar Fjord

Lisa er eit nytt tilskot i FUS-barnehagen vår. Ho er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, og tar barnehagelærarutdanning deltid ved sida av jobb. Lisa er ein leikande og aktiv vaksen som sprer glede og latter i barna sin leik. Ho er oppteken av barn sine kjensler og har eit godt auge for kvart enkelt barn. Lisa har alltid eit ledig fang, og er ei kjekk jente som alltid møter både store og små med eit smil om munnen.

Rattana Tjosaas

Barnehageassistent Fjord

Rattana har jobba i Sandven FUS sidan 2011,  og har sidan den tid teke godt vare på dei minste barna i barnehagen. Ho jobbar som assistent, og har teke teoriprøven til barne- og undomsarbeidarfaget. Rattana er alltid roleg, og har alltid tid til kos ogo trøyst til dei som treng det. Ho trivst godt i leik med barna både ute og inne, og har mange gode innspel i leiken. Rattana møter kvart barn med smil og interesse, og både barn og foreldre kjenner seg velkomne i møte med ho.

May Helen Skutlaberg Trones

Pedagogisk leiar Fjord

Assisterande dagleg leiar

Fagleiar

CLASS-observatør Toddler

May Helen vart utdanna barnehagelærar ved Høgskulen i Bergen i 2006, med musikk som fordjupning. Ho har jobba i Sandven FUS barnehage sidan oppstart i 2009. 

Kristina Åkre (i permisjon)

Barnehageassistent Fjell/Måneklubben

Kristina begynte å jobba i Sandven FUS barnehage i 2021, og har tidlegare erfaring frå barnehage og andre kreative yrke. Ho er alltid roleg og møter  barna på ein trygg og roleg måte. Ho er ein tilgjengeleg og populær vaksen og det er alltid mange barn rundt Kristina. Kristina er god på involvere alle barn i leiken og har tilstadeverande dialogar med barna. Ho er omsorgsfull både for store og små. Kristina er engasjert og alltid interessert i å læra meir.