Hopp til innhold
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

Satsingsområder 2020/2021

GLØDANDE, SKAPANDE OG TILSTADES 

MARITIMT ARBEID 
Vi ynskjer at dei små florøværingane som veks opp her i byen skal få muligheit til å oppleve naturen, kystkulturen og det havet har å by på. Maritimt arbeid er derfor ei viktig satsing hos oss. I perioden April til Oktober vil vi ha ekstra fokus på det maritime, då barnehagebåten er i bruk i dette tidsrommet. Tryggleik på sjøen, fiske og fangst, og turar i fjøra er noko av det vi har fokus på.  

VANNTILVENNING 
Knytt til den maritime satsinga gjennomfører vi vanntilvenning for dei eldste barna. Siste året i barnehagen får dei gjennomføre eit kurs som går over ti gonger i symjehallen, saman med instruktør. Vi ynskjer med dette å bidra til at kvar og ein får oppleve leik, glede og mestring i vatn. Dei tilsette i barnehagen tek kvart år livreddnigsprøve i basseng. 

INNKLUDERANDE MILJØ (IBOS) 
Saman med skulane og barnehagane i Kinn Kommune har vi starta arbeidet med "innkluderande skule- og barnehagemiljø" (IBOS). I Sørstrand Maritime Barnehage har vi frå før som mål at alle barna skal ha ein ven og føle tilhørighet i gruppa. Gjennom arbeidet med ibos tek vi sikte på å auke personalet sin kompetanse, og merksemd på temaet. Vi har nulltoleranse når det gjeld mobbing og krenking. 

EIGENLEIING
Barn nyttar ei rekke mentale verkty når dei løyser utfordringar i kvardagen. Barna må kunne starte opp, planleggje og organisere eiga adferd. Dei må kunne regulere eigne kjensler i ulike situasjonar og vere fleksible nok til å prøve ut forskjellige løysingar. Eigenleiing er evna til å vere aktiv og sjølvstendig over tid. Vi er til stades for barna og støttar dei i eigenleiing gjennom leik. Vi jobbar stadig med å auke vår eigen kompetanse på leik, og legg til rette for at kvart enkelt barn kan utvikle sine eigjenleiingsfunksjonar ved hjelp av leik og naturlege aktivitetar i barnehagen. Personalet har delteke på kurs "eigenleiing i leik og læring" i regi av FUS, og jobbar kontinuerleg med å auke kompetansen på leik og sosial kompetanse.  For oss er det viktig at barna i Sørstrand Maritime FUS barnehage utviklar god sjølvkjensle, sjølvtilit og mestrar å regulere sine eigne kjensler. Vi vil bidra til at barna utviklar ein solid leikkompetanse, og hjelpe dei til å utvikle god sosial kompetanse. Dette er ferdigheiter vi ynskjer at kvart barn skal ha med seg i "sekken" når dei skal videre i skulen.     


TUNING IN TO KIDS - "BARNET FØRST" 
Nyere forskning viser at det er relasjonskompetansen til barnehagen sine tilsette som har betydning for barna si oppleving av kvalitet. Dette tar FUS på alvor og forsker derfor på om kompetanseutviklingen til personalet bidrar til høgare kvalitet på den sosio-emosjonelle støtten, læringsstøtten og avdelinga si organisering. Alle FUS barnehagene deltar i eit forskningsbasert program (TIK), som har som mål å styrke barna si emosjonelle og sosiale kompetanse. TIK lærer dei tilsette eigenskapar og teknikkar for å gjennkjenne, forstå og handtere sine eigne og barna sine kjensler. 

Les meir om våre satsingområder her: 
Årsplan 2020 2021