FRILUFTSLIV – KUNNSKAP OG UTVIKLING GJENNOM OPPLEVINGAR
Me er ein friluftsbarnehage, og det er difor det mest sentrale satsingsområde i vår barnehage. Me nyttar leik og aktivitetar i naturen for å nå fleire av dei måla, verdiane og visjonen som dannar utgangspunktet for vår pedagogiske verksemd.
Forsking viser at det å driva friluftsliv i barnehagen gjev auka trivsel, betre sosialt miljø med færre konfliktar mellom barna, samt ei styrking av fysisk og psykisk helse (Foreldreutvalet for barnehagar).
For barna er leiken ein naturleg inngangsport til friluftsliv. Klatre i tre, leike gøymsle, sjå på småkryp, leike med pinnar, kaste steinar og kongler i bekken, samle på steinar, byggje hytter, skape rom, plukke blåbær, grave, rote og utforske omgivnadane. Sanseerfaringar, risikoleik, forvitenskap, og stadig nye oppdagingar står sentralt.
Me meiner at friluftsliv har ein eigenverdi, og er ein del av den gode barndomen. I barnehagen har friluftsliv ein verdi for barna i form av opplevingar, meistring, inntrykk og utforsking. Til og med det strevsame med å vera på tur har ein verdi i seg sjølv. Det har ei tyding og kan kjennast verdifullt for barnet her og no, men er og ei erfaring å ta med seg vidare. Ein kan og sei at turen i seg sjølv er målet, med alt den inneber.
Samstundes ser me i barnehagen på naturen som ein læringsarena der ein kan få eit pedagogisk utbytte av friluftsliv, og det å vera ute i naturen. Barn lærer gjennom opplevingar og erfaringar saman med andre. Eit godt læringsmiljø der me tek utgangspunkt i barna sine interesser og eigen ståstad, er inspirerande og motiverande. Barna vert stimulert til å vera nyfikne, fleksible og lærer om samhald og fellesskap Dei får ny kunnskap, får kjenna på spenning og blir motivert til å vera ute i all slags vær. Det å vera ute i naturen kan gje barna sterke og gode minne for resten av livet.
Korleis arbeider me med friluftsliv og opplevingsbasert læring:
Dei tilsette i barnehagen er viktige rollemodellar for barna. Me støttar barna i deira utforsking, viser dei vegen inn i naturen og deler den gleda ein kan få ved å vera ute saman. Personalet legg til rette for gode opplevingar ute i naturen, me er spontane og me grip dagen saman med borna. Me er tilstades, medopplevande og interesserte, noko som er med på å sikra barna sin rett til medverknad, både gjennom planar, og det som skjer her og no. På den måten kan både barna og dei tilsette vera med på å påverka kvardagen og utforska naturen saman.
I Nordbygdo FUS barnehage er me ute i alle slags vær, barna skal få bli kjent med alle årstidene, og korleis naturen kjennest på kroppen. Me følgjer skiftingane i naturen og har fokus på kva som skjer i dei ulike årstidene.
Det å verta kjent med seg sjølv, fysisk og psykisk i møte med naturen, er svært verdifullt. Ute i skogen får barna eit mangfald av mogelegheiter til å vera fysisk aktive i leiken. Dette er grunnleggjande for glede ved fysisk aktivitet seinare i livet, og styrkjer barna sin motoriske utvikling her og no. Sampelet mellom barna endrar seg når dei er ute i naturen. Det å vera ute er difor viktig for deira sosiale utvikling.
I Nordbygdo FUS barnehage kan me gje barna tilbod om:
Turarar med robåt og kanoar i Ådlandsvatnet. Fine stunder på leirplassen, der me har trelavvo med benker og ovn, inne i Ådlandsskogen. Me har to minibussar som gir oss mogelegheit til å ta lengre turar, samstundes som me har eit fantastisk turområde like utanfor barnehagen.
Når me er ute på tur kan me oppleva å:
- Krypa inn i ei mørk hole
- Klatra på ein bratt vegg
- Luska inn i ein mørk trollskog, og liggja på rygg i den grøne mosen medan me ser på skyene som dreg forbi
- Fanga krabbar og andre smådyr i fjøra
- Dra på kanotur i ausande regn
- Helsa på eit nyfødt lam
- Sjå ei stor ørn som svever over oss på fjellet
- Studera ei yrande maurtue eller ein hoppande frosk
Barn har ulike behov og føresetnader, og me legg til rette for at alle skal ha glede av å vera ute i skogen, ved sjøen eller på fjellet, til alle årstider. Alle barna i barnehagen er ofte ute på tur, også dei yngste. Me har faste turgrupper, faste turdagar og er elles mykje ute.
For dei yngste barna startar me med turar i nærleiken av barnehagen, etterkvart som beina veks til, vert turane og utfordringane større. Me nyttar område i nærleiken av barnehagen t.d. Heksehagen, Sølekjøkkenet og skogen ved golfbanen. Ministien i Prestagardskogen er og ein flott tumleplass for dei yngste barna. Når barna blir eldre, blir turane lengre, og me finn nye turmål.
Dei eldste barna får:
- Overnatting i barnehagen
- Turar utanfor Stord, t.d. Vikingbyen på Karmøy, tur til Huglo, Bømlo eller Sveio
- Tur til Kvelve, Utslettfjellet, Steinhjeshedlo og andre fjellområde
- Alle skal få prøva å klatra i klatresele på berg/fjell
- Alle skal få fleire turar med kano, inkludert den store kanoveka der alle 4-6 åringane er med.
- Tur til sjøen og vatn/elv for å fiske med ulikt fiskeutstyr
Gjennom friluftsliv skal alle barn i barnehagen få mogelegheit til å:
- Oppleva naturen, og undring over mangfaldet gjennom dei fire årstidene.
- Få tverrfagleg god læring gjennom vårt arbeid med dei ulike fagområda.
- Erfare med eigen kropp og kjenna meistring. Barna skal oppleva å lukkast på eigne premiss.
- Oppleva gleda ved å ferdast i naturen. Dei skal få tid og rom til den frie leiken.
- Få grunnleggjande innsikt i naturen, berekraftig utvikling og samspel med naturen. Dei skal få erfaring med, og kunnskap om, dyr og vekster, deira gjensidige avhengigheit og kjennskap til matproduksjon.
- Læra nye omgrep, og få ei begynnande forståing for ulike fenomen i naturen
- Laga og eta mat ute, ved grillhytta, i lavvoen, eller andre stader. Fokus er eit sunt, godt og variert kosthald.
- Erfare medverknad, demokrati, likestilling, samhald og fellesskap. Alle barna skal få dei same utfordringane og opplevingane uavhengig av kjønn og bakgrunn.