BEGYNNA I BARNEHAGEN – DEI YNGSTE BARNA
Rammeplanen for barnehagen seier at Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn ( Rammeplan for barnehagen 2017, s.33).
På bakgrunn av dette arbeider FUS Nordbygdo målretta for at barn og føresette skal få ein god start når dei begynner i barnehagen.
Den første tida i barnehagen kan vera avgjerande for korleis barnet opplever dei nye omgivnadane. I starten prøver me å skjerme dei nye barna mest mogeleg. I tilvenningsfasen prøver me å avgrensa talet på vaksne og barn dei yngste må forholda seg til.
Me vil at føresette skal vera sterkt involvert frå starten, slik at både barn og føresette skal kunna kjenne seg trygge på at barnehagen er ein god plass å vera. Barnehagen har utarbeida eigne rutinar for tilvenning. Det er viktig å være forberedt på at det vil variere kor lang tid tilvenninga tar, då barn er ulike på dette området.
Arbeid med dei yngste barna krev eit bevisst og kompetent personale som jobbar målretta for å oppnå tryggheit og trivsel for barna. Personalet må vera inkluderande, anerkjennande og tilstedeverande for å skapa ein trygg og nær relasjon til barna. Professor May Britt Drugli er ein av dei som har forska og sett søkjelyset på barn sitt møte med barnehagen. Ho sier at barn som har en trygg tilknytning til de voksne i barnehagen viser senere en bedre kognitiv og sosial utvikling enn andre barn (Drugli 2012).
Forutsigbarhet og faste rutinar må innarbeidast på avdelinga for å leggje best til rette for ein trygg tilknyting. I praksis inneberer det at personalet bruker mykje tid på golvet i samspel med barna.
Me organiserer oss så mykje som mogeleg i små grupper, for å skape rolige stunder. Aktivitetar blir organisert ut i frå barna sine interesser og behov. For mange tilrettelagte aktivitetar kan derimot frata eittåringen den viktige nærkontakten (Drugli 2012). Det blir også viktig at avdelinga legg opp til ein dagsrytme som samsvarar med dei yngste barna sitt behov, i tillegg til faste rutinar som gir barna den nødvendige forutsigbarheten og tryggleiken.
Omsorg har ein stor plass i kvardagen til barna. Barna treng tilgjengelege vaksne som fungerer som ein trygg base og har eit fang dei kan sitja på når dei treng det. Det er barna sitt primærbehov som søvn, mat og aktivitet som er utgangspunktet for korleis me legg opp dagen. Det er barnehagen si oppgåve å forstå barna sine signal og forme dagsrytmen etter
Ein god tilvenning og start i barnehagen er avgjerande for at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære (Rammeplanen 2017, s.33).Me nyttar dette som eit utgangspunkt for at barnet skal utvikle venskap, god kommunikasjon og leikekompetanse som er FUS sine satsingsområde.
Inkluderande og anerkjennande vaksne, forutsigbarhet og faste rutinar må innarbeidast på avdelinga for å leggje best til rette for dette. I praksis inneber det at personalet nyttar mykje tid på golvet saman med barna, ofte i små grupper. Her legg me opp til aktivitetar ut frå barn sine interesser, t.d. ulike sanseleikar. Barna får her også kjenne på korleis det er å vera del av ein gruppe, og får med dette mogelegheit til å skape sin egen identitet. Det er i samvær med andre barn at ein kan utvikle sin sosiale kompetanse.
Det er også viktig at avdelinga legg opp til ein dagsrytme som er i samsvar med dei yngste barna sine behov, samt gjentakande rutinar som byggjer under den nødvendige forutsigbarheten og tryggleiken. Barna skal sove når dei er trøtte og ete når de er svoltne. Nokre barn treng å sove kl. 10. 00 på føremiddagen og nokre treng å sove kl. 12.00. Nokre er veldig svoltne og har behov for mat når de vaknar. Her er det barnehagen si oppgåve å forstå barn sine signal, og forme dagsrytmen etter barna sine behov. Samstundes skal leik ha ein stor plass i barna sin kvardag.
Som nevnt ovenfor, kan barna reagere ulikt på det nye tilværet i barnehagen. Me i barnehagen meiner det er viktig å anerkjenne kjenslene barna uttrykkjer, anten det er gråt eller glede.
Personalet må i denne perioden ha ein tett kontakt, og dialog, med føresette om korleis det går i barnehagen. Føresette må få gode tilbakemeldingar i hentesituasjonen og me må vera opne for den informasjonen, og dei og tilbakemeldingane føresette gjev oss, når dei leverer barna i barnehagen. Meldingar om korleis barna har det kan me også gje via SMS. Me gjev tilbod om samtalar i forkant av barnehageoppstart, der ein kan utveksle informasjon, samt ta eit besøk i barnehagen/på avdelinga (bli kjent kveld).
OVERGANG TIL NY AVDELING I BARNEHAGEN
Det å gå over til ei ny avdeling, frå småbarnsavdeling til stor avdeling, er ein overgang for både barn og føresette. Overgang fra en avdeling til en annen innebærer et følelsesmessig brudd for barnet, noe det er viktig å ta hensyn til. Det er derfor viktig å legge til rette for en god overgang fra småbarnsavdeling til storbarnsavdeling (Brandtzæg mfl. 2013 s.105).
Både barn og føresette skal bli kjent med nye barn, nye vaksne og nye rutinar. Det er difor viktig at me i barnehagen sørgjer for at barnet og foreldra får tid og rom til å bli kjende med andre barn og anna personale når eit barn byter barnegruppe (Rammeplan for barnehagen 2017, s.33).
Når eit barn skal over til ny avdeling vil det, i dei fleste tilfelle, vera ein vaksen frå småbarnsavdelinga som blir med over til ny avdeling. Denne vaksne vil fungere som ein primærkontakt for barna og vera ein person barna allereie har ein tilknytingsrelasjon til. På den måten blir denne personen barna sin «trygge base». Også barn over tre år har behov for tilknytingspersoner. Det er viktig å legge til rette for dette i overgang fra småbarnsavdeling til storbarnsavdeling (Brandtzæg mfl. 2013 s.105).
I nokre tilfelle vil ein frå storbarnsavdeling koma inn på småbarnsavdelinga og byggje relasjon/primærkontakt med dei barna som skal over til ny avdeling.
Når barn skal over til ny avdeling vil det vera i ei gruppe med barn fra same avdeling. Barna kjem difor saman med barn dei kjenner godt. Dei har med seg felles erfaringar og opplevingar fra småbarnsavdelinga som utgjer et felles vi (Anne Greve 2009) og som er utgangspunkt for å byggja venerelasjoner. Dette vil også vera med på å gjera barna trygge i ein overgang til ein ny avdeling.
Avdelingsleiaren på dei to avdelingane samarbeidar om korleis bli kjent på ny avdeling. Dette arbeidet startar i god tid før overgang.
- Dei vaksne på den nye avdelinga kjem på besøk til småbarnsavdelinga
- Barna går på besøk til den nye avdelinga og gjer seg kjent (leikar, måltid o.l.)
- Me har turgrupper saman med dei vaksne og barna på den nye avdelinga
- Me har foreldremøte i juni der personalet på den nye avdelinga gjev informasjon (får helsa på dei nye vaksne, rutinar o.l.)
I nokre tilfelle kan det vera aktuelt å flytte barn over til ny avdeling i løpet av barnehageåret. Dette vil da skje i eit nært samarbeid mellom leiarane på dei to avdelingane og føresette. Retningslinjene vil også være utgangspunkt for disse overgangene.