Me hentar mykje inspirasjon frå Reggio Emilia-filosofien, og arbeider stadig med å vidareutvikle synet på det rike, intelligente og kompetente barnet. Me prøver å fange opp korleis barna erkjenner verda dei omgjev seg i gjennom å lytte, sjå og forstå det medverkande barnet.
Barnesyn
I Kåreviksmarka FUS barnehage har me eit positivt barnesyn. Det inneber at me ser på barnet som unikt og kompetent. Personalet støtter barnet i utviklinga ved å vere medundrande og medforskande ved mellom anna å stilla spørsmål i staden for å gje svar. Personalet i barnehagen ser på barnet som likeverdig. Me meinar barn kan og klarar, og at meininga deira tel.
Dei tre pedagogane
Dei tre pedagogane som er «den vaksne, det fysiske miljøet og barnet», er ein viktig del av denne filosofien.
Den vaksne:
Den vaksne er venleg, tydeleg og varm. Den vaksne lyttar til barna, ser og forstår. Den vaksne skal spore det barna er opptekne av, stille opne og undrande spørsmål, finna hypotesar til å forska på og spinna vidare på det barna undrar seg over. Den vaksne rettleiar og støttar barna ved å lytta og anerkjenna, og vera til stades i den gode samtalen. Den vaksne er til stades med barna og skapar rom for refleksjon, undring og fantasi. Den vaksne kan ikkje lære barna, men læra dei å lære.
Barnet:
Me meiner at kvart barn er unikt, rikt og kompetent. I dette legg me at barna sjølve har kunnskap som gjer dei i stand til å sjå ulike mogleikar og finna sine eigne vegar. Barn er nyfikne, vitebegjerlege og undrande. Dei har eit stort potensiale til å vidareutvikla kunnskapen dei sit inne med dersom dei vaksne grip fatt i dei små detaljane rundt barna si undring, deira spørsmål og hypotesar. Alle barn har noko dei kan meir enn andre ting, og dette vert ivaretatt hjå oss. Me meiner Barn kan og klarer! Me legg merke til det positive i kvart barn, gjev tilbakemelding på dette, ivaretar positiv meistring og motiverer barna for å meistra nye ting. Dette gjev barn eit positivt bilete av seg sjølve i tillegg til at også andre får eit positivt bilete av barnet.
Miljøet:
Barna treng rom det kjennes godt å vera i. Romma me ferdes i påverkar oss. Måten me møblerer romma våre skal fremje leik og læring hjå barna. Dette gjeld inne som ute. Me ynskjer i tillegg at romma skal fenga sansane til barna, vera ei estetisk kjelde og ein levande stad for barna å vera i. Romma skal innby til leik, forsking, undring, kreative og skapande aktivitetar. Dokumentasjon av det som opptar oss i kvardagen skal prega miljøet hjå oss. Materialet og leikene barna kan ta i bruk skal vera tilgjengeleg og oversiktleg plassert.