"Open dag"
Kvart år inviterar me til "Open dag" i barnehagen, to ettermiddagar i februar. Då blir foreldre og barn invitert til å komme på besøk i barnehagen, for å møte nokre i personalgruppa og for å sjå korleis barnehagen er utforma.
Kvar torsdag i juni opnar me barnehagen på ettermiddagstid for nye barn/foreldra som har takka ja til plass hos oss. Då kan dei nye barna komme på besøk og vera i barnehagen saman med foreldra sine. På den måten får både barn og foreldre god anledning til å bli godt kjent med kvarandre, med personalet og med avdelingane.
Før oppstart
Når nye foreldre har takka ja til plass i Olderdalen, får dei skriftleg info info frå barnehagen, via mailar frå dagleg leiar.
Me syns det er kjekt at me blir litt kjent med dei nye barna og foreldra i løpet av juni, når dei kjem på besøk.
Pedagogisk leiar på gruppa barnet skal gå, tar kontakt med kvar enkelt familie før sommarferien for å få meir informasjon om barnet, for å avtale tid for oppstart, o.l.
Me har fokus på god kommunikasjon/dialog mellom ansatte og foreldre i forkant av oppstart.
Foreldremøte
Me har foreldremøte for nye foreldre i løpet av juni mnd.
Foreldre til barna som skal flytte frå litlebasen til storebasen blir og invitert.
Me startar me felles informasjon, før foreldra går til sine avdelingar saman med dei ansatte som jobbar på avdelinga barna skal gå.
Foreldreaktiv tilvenning
Me oppfordrar foreldra til å bruke 5 dagar til tilvenning for barna på litlebasen, dersom foreldra har mulighet til det.
Me tar utgongspunkt i "Jåttåmodellen", og tilpassar tilvenninga til det beste for barnet og familien. Plan for tilvenning for kvart enkelt barnet, vert avtala med pedagogisk leiar på gruppa skal gå.
Jåttåmodellen er ein modell for tilvenning i barnehagen som bygger på tilknytningsteori, nyare forskning og trygghetssirkelen - COS: Circle Of Security.
https://fus.no/photos/shares/Trygghetssirkelen.png?timestamp=1644226618700
Modellen legg opp til ein foreldreaktiv oppstart der foreldra deltar aktivt i barnehagen sine rutinar og aktivitetar.
Når barnet begynnar i barnehagen får dei ein primærkontakt som har hovedansvar i tilvenningstida. Dei nye barna blir skjerma så langt det lar seg gjere.
Dei barna som allerede går på avdelinga kor dei nye barna skal gå, har fokus på turar og utetid, slik at tilvenninga blir så roleg og fin som mulig.
Etter at barnet har gått i barnehagen nokre veker, får foreldra tilbud om foreldresamtale. Då snakkar me om korleis tilvenningstida har vore, om barnet sin trivsel, rutinar som mat, soving, osv.
God kommunikasjon
Me i Olderdalen er opptatt av å ha god kommunikasjon med foreldra.
Me oppfordrar alltid foreldre til å ta kontakt med oss dersom det er noko dei lurer på i forhold til barnet sitt, evt. spørsmål, besøksdagar, o.l.

