Barnets første møte med barnehagen skal vere prega av trygg tilknytning og nære vaksne. Barnas følelsesmessige band utvikla seg gjennom heile barnehagelivet, men tilvenningsperioden er ein ekstra sårbar periode. Barna må bli kjent med ein ny kvardag, nytt miljø, nye rutiner og bli kjent med mange nye mennesker samstundes som dei skal vere adskilt frå foreldre/foresette. Vi ønsker å gjere denne overgangen så trygg og god som mulig for barnet, og vil difor i samarbeid med foreldre legge opp til ein best mulig tilvenningsperiode for kvert enkelt barn.
For å sikre ei god tilvenning gjer vi følgjande:
- Alle får brev med informasjon om barnehagen ca. 1 månad før oppstart
- Alle barn får ein primærkontakt ved oppstart
- Vi har tett dialog med foresette i tilvenningsperioden
- Vi arrangerar foreldremøte kort tid etter nytt barnehageår
- Vi gjennomfører oppstartsamtale ca. to veker etter oppstart
- Vi legg opp tilvenningsperioden til kvart enkelt barn
Hos oss kjem barnet først!

