
Sørstrand Maritime Fus Barnehage opna 15 oktober 2008. Vi er ein basebarnehage, og vi deler oss på 4 ulike baser. Barnehagen ligg på Sørstrand i Flora, og vi har Sørstrand Naturpark som næraste nabo. Vi er ein maritim barnehage, og har eigen båt. Uteliv er viktig for Sørstrand Fus Barnehage. Vi er aktive i båten, fjæra og ved det flotte området på Sørstrand, der vi har naturleikeplass. Vi har fokus på realfag i det daglege arbeidet, vi undrar og utforskar saman med barna. Leik og vener er viktig hos oss, og det jobber vi med m.a. gjennom \"Lek og Egenledelse\". Saman med eit sunt kosthald, jobbar vi med å sikre læring og utvikling hos barna. Hos oss kjem barnet først!
Søk barnehageplass