Ha det kjekt saman med oss
I Sundve FUS barnehage blir barnet ditt møtt av engasjerte, leikne og kompetente vaksne, som gjerne blir med på tull og tøys, men som også har eit trygt fang når det er behov for det.
Uendelig med muligheter
Me held til i Voss herad, ca. 20 min frå Voss sentrum. Her nyt me godt av gode turmuligheter, ake- og skibakkar, fotballbane som næraste nabo, grillhytte og ikkje minst gode naboar med fjøs me får lov å besøke. Me har til tider lange vintrar, så her er det gode muligheter for å bli fantastisk god på ski.
Når 4 trepallar blir til ein silo
Leik er ei grunnleggande livs- og læringsform for barn, der dei kan uttrykke seg, konstruere, organisere, planlegge, lære, bearbeide og samanlikne virkelighetsoppfatningar. Hjå oss er dei vaksne er opptatt av å legge til rette for kvardagar prega av leik, utvikling og mykje glede.
Me jobbar også metodisk ut frå FUS sin forskings- og erfaringsbaserte metode "Barnet først". Den hjelper oss til å sjå, høyre og møte barnet ditt, for å skape trygghet, vennskap og meistring.
«Uten mat og drikke, duger helten ikke»
I Sundve FUS barnehage lagar me, i tråd med FUS sine retningslinjer om"SmartMat" , næringsrik mat som skapar barn som er glade og som har overskudd til leik! Me lagar heimelaga brød, eller rundstykker, fire dagar i veka, samt eit varmt måltid i veka. Me lagar mat frå botn av, og varierer med fisk, kjøtt, kylling, og ulike grønsaker. Det er grønsaker tilgjengelig ved alle måltid.
Den første tida i barnehagen
Har du eit barn som gir full gass i nye omgivnadar, eller treng barnet ditt ei ekstra hand i starten? Alle barn er forskjellige, og me ynskjer å møte barnet ditt der det har behov. Derfor legg me opp til ei god tilvenning ved oppstart. Barnas første dagar i barnehagen er tida for å etablere gode relasjonar til dei vaksne på avdelinga, med mamma eller pappa som trygg base.