
-Dagleg leiar.
Utdanna barnehagelærar og spesialpedagog, og har vore i Sundve FUS bhg sidan oppstart i 2013. Ho er opptatt av relasjonsbygging, godt miljø, utvikling og kvalitet i barnehagen.

-Pedagogisk leiar (avd. Smaohamrane).
Er utdanna barnehagelærar og er barnehagens CLASS observatør. Ho har jobba i Sundve FUS sidan 2013. Annette er opptatt av å anarkjenne barnas følelsar og omsorgen barna har behov for. Likar å jobbe med kunst og kreativitet.

-Pedagogisk leiar (avd. Smaohamrane)
Utdanna barnehagelærar og spesialpedagog. Ho er opptatt av å vere nær barna og fungere som ein positiv og tilstedeværande vaksen. Ynskjer å gi alle ein trygg base som kan bidra til god leik, auka trivsel og sosial kompetanse.

Pedagogisk leiar (avd. Smaohamrane).
Utdanna barnehagelærar, og har vore i Sundve FUS barnehage sidan 2014. I kvardagen er ho opptatt av barnas tryggleik, medverknad og gode relasjonar. Legg til rette for leik og undring, og ynskjer å fremje skaparglede i byggjeleik og forming.

-Pedagogisk leiar (avd. Sandhaugen (Gran))
Er utdanna barnehagelærar og begynte i Sundve FUS i 2013. Ho er opptatt av at barna skal få oppleve meistring og samtidig ha noko å strekkje seg etter. Gode relasjonar mellom heim-bhg, då dette gir trygge barn og vaksne.

-Pedagogisk leiar (avd. Sandhaugen (gran)).
Er utdanna barnehagelærar og har jobba i Sundve FUS sidan 2017. Ho er opptatt av å vere tilstades med barna og få til eit godt samarbeid mellom barnehage og heim. Legg til rette for utvikling, leik, sosialt samspel og læring.

-Pedagogisk leiar (avd. Sandhaugen (Bjørk)).
Er utdanna barnehagelærar, og har jobba i Sundve FUS sidan 2020. Ho er opptatt av at barna skal kjenne seg trygge i barnehagen, og at dei vaksne møter barna der dei er og som dei er. Anarkjenne barna og gi god støtte til utvikling.

-Fagarbeidar (avd. Sandhaugen (Gran)).
Er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, og har jobbe i Sundve FUS sidan oppstart i 2013. Ho er opptatt av at barna skal vere trygge, og ha ein god kvardag. Barna skal tru på seg sjølv og verta sjølvstendige. Dei skal få venner.

-Pedagogisk medarbeidar (avd. Sandhaugen (Bjørk)).
Ho er opptatt av å ha godt samarbeid med heimen, og at tilstedeværande tilsette ivaretar barnas behov for omsorg.

-Pedagogisk medarbeidar (avd. Sandhaugen (Gran)).
Har jobba i Sundve FUS sidan oppstart i 2013. Ho er opptatt av å sjå og vere til stades for barna. Som vaksen ynskjer ho å vere glødande og støttande når barna har ynskje om leik og anna aktivitet.

-Pedagogisk medarbeidar (avd. Sandhaugen (Bjørk))
Ho er opptatt av å vere ein tilstedeværande og positiv vaksen som ser kvart enkelt barn. Ho ynskjer å ha eit fokus på at barna skal oppleve glede og meistring gjennom barnehagedagen.

-Pedagogisk medarbeidar (avd. Smaohamrane).
Ho er opptatt av å vere ein trygg og omsorgsfull vaksen for barna. Ho likar å vere ute og ta barna med på tur, utforske og verte kjent med nærområdet.

-Pedagogisk medarbeidar (avd. Smaohamrane)
Ho er opptatt av å gi barna god omsorg, vere ein trygg vaksen og fokusere på leiken. Ho set pris på å bruke naturen som læringsarena.

-Pedagogisk medarbeidar (avd. Smaohamrane).
Ho har jobba i Sundve FUS sidan januar 2021. Ho er opptatt av å vere rettferdig, og visa barna omsorg og respekt.