I sundve FUS barnehage ser me viktigheten av barnas tilvenning, og baserer vår praksis på tilknytningsteori og forskning. For mange er møtet med barnehagen ein av dei første gongene omsorg og stell blir overlatt til nokon andre enn familien. For at barnet skal føle seg trygg på dei vaksne, andre barn og det fysiske miljøet, sett me av god tid til tilvenning. Hjå oss blir det forventa minimum tre dagar til tilvenning. Når eit nytt barn byrjar i barnehagen hjå oss, avtalar foreldre og personalet kva som vil vere den beste tilvenninga for akkurat det barnet. Tilvenningsperioden vil derfor vere individuell, ut frå behovet til barn og foreldre.
Hovedtrekka i tilvenningsperioden i Sundve FUS barnehage kan oppsummerast slik:
- Det blir avvikla ein foreldremøte i god tid før oppstart i august.
- Barn og foreldre får komme på besøk i barnehagen.
- Barn og foreldre oppfordra til å bruke uteplassen når barnehagen er stengt før oppstart.
- Tilvenning i små grupper for at barnet skal ha best mulig forutsetning for å bli kjent med det fysiske miljøet og byggje relasjonar.
- Foreldre deltek aktivt i praktiske oppgåver i byrjinga, etter kvart tek dei tilsette meir og meir over.
- Alle barn får tildelt ein primærperson (vaksen). Denne personen vil alltid vere i nærleiken, og er den personen som tek over dei praktiske oppgåvene til foreldra litt etter litt.
- Det blir gjennomført ein oppstartsamtale med pedagogisk leiar der me blir betre kjent.
Dersom de har spørsmål rundt oppstart og tilvenning, er det berre å ta kontakt med dagleg leiar, Katrine Sleen.