Hopp til innhold
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

SmartMat i Sundve

SmartMat skal først om fremst fremje matglede hjå barna, bidra til god utvikling og sikre at hjernen får rett næring. Rett samansett kosthald aukar trivsel, konsentrasjon og den fysiske og psykiske helsa. Barna er høgt og lågt i fysisk aktivitet gjennom store delar av dagen, og for å orke dette må barna få sunn og næringsrik mat. Forskning viser at usunn mat dei første fem leveåra gir auka risiko for depresjon, angst og åtferdsvanskar. Me i Sundve FUS barnehage ynskjer derfor at barna skal lære kvifor me et sunn mat, og kva den sunne maten gjer med kroppen vår i forhold til den usunne maten. Me er opptatt av at måltida er ein pedagogisk arena, der barna kan tileigne seg mykje kunnskap.

I Sundve FUS barnehage får barna lunsj og eit fruktmåltid, medan frokosten tek dei med seg frå heimen. Me bakar vårt eige brød kvar dag, og har minimum eit varmt måltid til lunsj i veka. Under ser du eit utdrag for korleis det blir jobba med å tilrettelegge for god mat, og me har fått tilsendt fleire gode og sunne oppskrifter me kan bruke. Nederst på sida finn du våre retningslinjer når det kjem til SmartMat.

  1. GRØNSAKER

Me serverar grønsaker så ofte me kan – både til brødmåltid og varmmåltid.

  1. FISK

Me serverar rein fisk, eller produkt med mest mulig fisk.

  1. KJØT

Me serverar reint kjøt, eller produkt med med mulig kjøtprosent.

  1. KORN

Me brukar næringsrike kornsortar med mest mulig fullkorn. Me brukar også fleire typar belgrukter, som for eksempel linser og bønner.

  1. BALANSERT INNTAK AV FEITT

Me brukar plantefeitt som for eksempel olivenolje og kokosolje, samt meierifeitt frå smør og anna mjølkeprodukt.

  1. VATN

Me drikk vatn når me er tørste, og kosar oss heller med mindre mengder av anna drikke.

  1. NATURLEGE SØTNINGSSTOFF

Det betyr at me brukar naturlig søte ting, som for eksempel frukt, bær og honning (honning er ikkje anbefalt for barn under eit år).

  1. VARIASJON

Me serverer alternativer til brødmåltidet så ofte som me kan, slik at barna får eit meir variert kosthald og inntak av nok grønsaker.