Hopp til innhold
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

Foreldresamarbeid

Vår viktigaste samarbeidspartnar er foreldra til barnet. Det er de som kjenner barnet best og
vi er avhengig av å ha eit tett og konstruktivt samarbeid med de foreldre. God
informasjonsflyt mellom foreldre og tilsette legg grunnlaget for at barnehagen skal kunne
legge til rette for barnets beste. Vi nyttar Mykid som det viktigaste verktyet når vi vil nå alle
på ein gong. Der finn de planar, dagsrapportar, nyheitsbrev, generell informasjon om
barnehagen og andre ting vi tykkjer er viktig. Det som gjeld kvart einskild barn tek vi direkte
med foreldra når de leverar eller hentar. Er det informasjon eller spørsmål som ikkje eignar
seg når barnet lyttar så tek vi gjerne ein telefon eller ber om ein samtale. Dette gjeld
sjølvsagt og andre vegen, dersom de foreldre har noko de vil ta opp. Vi har lav terskel for å
ta kontakt.
To gongar i året får de foreldre tilbod om ein utviklingssamtale. Då sett vi av ein halvtime til
ein samtale om ditt barn. Vi tek opp trivsel, interesser, utvikling. Vener osb.
Foreldreundersøkinga som sendast ut kvart år er eit viktig verkty for oss. Vi brukar
resultatet til å sjå på kvaliteten vi tilbyr på dei ulike områda den tek for seg. Kvart år går vi
gjennom rapporten og ser kva kan vi forbetre oss på og kva vil vi videreføre. Dykkar
meiningar er viktige for oss og vi ynskjer full deltaking i undersøkinga.
Foreldreundersøkinga for 2020 viser at foreldrene er fornøyde med barnehagen og dette er
vi stolte av, men samstundes er det alltid mogeleg å bli betre. I år fekk vi 4,6 av 5 på kundetilfredshet.