Stokke Maritime FUS barnehage, ein barnehage med engasjerte vaksne! Ledig plass på storbarnsavdeling til høsten.
Barnehagen har nærværsdiplom som betyr mykje for barna som gjennom personalets nærvær har trygge vaksne som er der for dei. På foreldreundersøkinga 2020 fekk barnehagen eit resultat på 4,6 av 5 på kundetilfredshet.
Stokke FUS barnehage er ein maritim barnehage med seks avdelingar. Barnehagen har ei flott plassering med nærleik til sjø, strand og skogsområde. Barnehagen vil ha ein maritim profil og på sikt vår eigen barnehagebåt med større fokus på maritime aktivitetar. Vi har og fokus på miljø generelt og vårt eige nærmiljø. Gjennom Ålesund kommune deltek vi i eit utviklingsarbeid “opp og fram”. Det skal gå over fleire år og no er det temaet “digital praksis” vi skal jobbe med.
Dei tilsette tar barna sin leik på alvor og har kompetanse i eigenleiing i leik og læring. Dei tilsette har gode og nære relasjonar til barna og gjev omsorg og tryggleik og vi nyttar circle of security aktivt i kvardagen. Kvardagen til barna er prega av leik og glede. Saman med barna skapar vi kvardagsmagi gjennom humor, leik og spontanitet.Hos oss kjem barnet først! Verdiane våre er ei kjelde til inspirasjon i det daglege arbeidet i barnehagen og vi har som mål at: FUS barn har eit positivt sjølvbilete, FUS barn er trygge og utforskande, dei trivast i leik og har venekompetanse. FUS barna gler seg til “resten av livet” og veit at dei har moglegheit til å påverke og at deira innspel tel. FUS barn har det kjekt i barnehagen.
“Barnet først” er forutan FUS slagord og ei kompetanseutvikling i FUS barnehagane. “Barnet først” byggjer på eit forskningsbasert program, “Tuning in to Kids” (TIK), det har som mål å styrke barnas emosjonelle og sosiale kompetanse og CLASS observasjonsmetode som har tilsvarande mål i forhold til emosjonell støtte, ved sidan av å betre læringsmiljøet i barnehagane.
Vi er og opptekne av og sørger for at barna har et sundt og variert kosthald, med god balanse mellom kald og varm mat. Då lager vi maten fra grunnen av, saman med barna. Dette er det vi kallar SmartMat. Dette tror vi skaper gode vaner og matglede! Du treng ikkje å lage matpakke, her serverer vi alle måltider!
Barnehagen skal leggje til rette for foreldresamarbeid og ein god dialog med foreldrene. Det gjerast i dei daglege treffpunkta ved levering og henting, i foreldresamtalar og via MyKid . Vi bruker den digitale plattformen MyKid i det daglege arbeidet for å dele informasjon med foreldrene. Vi sett foreldresamarbeid og barnets trivsel høgt. Vi vil gjere alt vi kan for at de som foreldre og ikke minst barnet ditt skal ha det bra hos oss. Vi er ein heilårsopen barnehage, de bestemmer sjølv når de vil ha ferie.
Velkommen til oss!