TILVENNINGSTIDA I STOKKE MARITIME FUS
- ny kvardag for både liten og stor….
Det er ei spanande tid i vente når barnet ditt skal begynne i barnehagen. Ei stor omstilling venter – både for barnet og deg. Vi skal gjere alt det vi kan for at denne tida skal verte ein fin overgang frå dagane heime til barnehage. For mange barn kan det vere ei stor omstilling å starte i barnehagen og det er derfor heilt nødvendig å setje av tid til ei trygg tilknytning til personalet. Tilvenningsperioden er den første tida på ny avdeling eller det første møtet med barnehagelivet, og vi ønsker å tilpasse oss barnet ditt så langt det let seg gjere.
Dei første dagane er fokuset å bli kjent med små og store, og barnehagens fysiske miljø, inne og ute. Når barnet ditt får bli kjent med oss samtidig som barnet har deg der som sin trygge base, blir det lettare for barnet å gå inn i nye relasjonar. Vi har faste rutinar på dagane våre jf. dagsrytmen, dette er med på å skape tryggheit for barna. Det kan være vanskelig å overlate barnet sitt til menneskjer ein ikkje kjenner. Du kan verte usikker på om det er til det beste for barnet og om barnet vil få det godt i barnehagen. Dette er kjensler dei fleste foreldre opplever og vi ønsker at du snakkar med oss om dei.
Tilvenning til nytt miljø og nye situasjonar er en prosess som tar tid. I tida før oppstart er de velkomne til å komme på besøk so ofte de vil. På den måten får de moglegheit til å bli bedre kjent med oss som jobbar her, med avdelinga og ikkje minst vi med dykk.
Kontaktperson
I tilvenningsperioden får du ein kontaktperson å forhalde deg til. Kontaktpersonen er aktiv til stades i ditt barns kvardag. Det kan vere godt å ha en fast vaksen ein kan være trygg på når det er mykje nytt å forhalde seg til. Formålet med kontaktpersonen er å bygge opp tillit til barnet for å vere ein trygg tilknytningsperson den fyrste tida. Kontaktpersonen har også ansvar for ein god dialog og kontakt med barnet og heimen.
Fyrste dag - tidspunktet de kjem vert avtalt i forkant. Det er mest vanleg å kome i 09.30 tida den fyrste dagen. Dette kjem sjølvsagt an på soverutinene til barnet og om det høver for dykk. Den fyrste dagen er det viktig at du er nær barnet og skal vere tilgjengeleg heile tida. For å få ei god tilvenning er det viktig at du er aktivt med på å introdusere det nye miljøet. Du er med å steller barnet, er i rommet under leik osb. Kor lenge de blir i barnehagen tilpassar vi etter barnet sitt behov. Vanlegvis eit par timar.
Tidspunkt for dag 2 vert avtalt før de går heim fyrste dag Personalet tar over meir av ansvaret for barnet, men fremdeles er du med på stell, leik osb. Forsøk gjerne, etter avtale med personalet, å forlate barnet ei lita stund. Snakk med kontaktpersonen om dette. Kor lenge de blir i barnehagen tilpasser vi etter barnet sitt behov.
Tidspunkt for dag 3 blir avtalt før de går heim andre dag. Dersom vi tror at du og barnet ditt er klare for det, kan det vere fint å forlate barnehagen denne dagen. Vi tar då utgangspunkt i kva grad barnet er tilvent etter dei to fyrste dagane. Det som ofte fungerar best er at du leverer, er i barnehagen ei lita stund, og so går. Etter det leikar vi litt, et mat og legg barnet ditt. Om alt går fint ringer vi når barnet er ferdig å sove, slik at du kan kome og hente då. Det er viktig at du er lett tilgjengeleg per telefon, og ikkje er for langt unda. Du skal kjenne deg heilt trygg på at vi ringer deg dersom ting ikkje går bra.
Vi ynskjer og å ha ein foreldresamtale med deg på ein av tilvenningsdagane. Denne samtalen har vi for å bli bedre kjent med dykk, behov, rutiner, vanar og andre ting som er viktig for oss å vete noko om. Du får eit skjema du kan fylle ut saman med velkomstbrevet. Vi bruker å ha eit felles foreldremøte for dei nye foreldra i juni. Invitasjon til dette kjem etterkvart. På dette møtet snakkar vi om tilvenningstida og praktisk informasjon om barnehagen.
Korleis ta avskjed med barnet
Det er viktig at du seier ifrå til barnet ditt når du skal gå. Dersom du forlet barnet utan å seie i frå kan det kjenne seg usikker, utrygg eller byrje leite etter deg. Det kan vere trasig at barnet gret når du går, men i lengda er det betre slik, enn å lure seg vekk. Det er viktig at barnet får erfaring med at du ikkje går før du seier i frå og at du virkelig går når du sier det. Slik vert barnet trygg på at du kjem tilbake etter ei stund. Prøv å utstråle tryggleik til barnet sjølv om det kan være vanskelig. Det er viktig at du gir barnet til oss, i staden for at vi skal ta barnet ut av armane dine. Slik viser du barnet at at du har tillit til oss og at det er ok å vere hos oss. Du vil kunne oppleve at barnet gret ved avskjeden. Det kan vere vanskeleg for både deg og barnet å ta avskjed i byrjinga. Vår erfaring er i midlertidig at gråten stilnar like etter at du er ute av syne. Ring oss gjerne etter du har gått og spør korleis det går. Du vert mest truleg beroliga.