Fjellheim FUS friluftsbarnehage var allereie ein etablert friluftsbarnehage på Årbø då FUS tok over barnehagen, og personalet er særleg interesserte i friluftsliv og har god kompetanse på uteliv med barn. Lokala våre eignar seg best for korte opphald innandørs, men utearealet er ideelt.
Vi har stort inngjerda uteområde like utanfor dørene. Her har vi leikehytte, lavvo, scene og sandkasser, men ikkje andre tradisjonelle leikeapparat. Vi har naturlege klatretre, stubbar og steinar og ulent terreng å leike seg i. Utanfor gjerdet har vi «uendeleg» med plass, og vi har eigen robåt på Storavatnet.
l Fjellheim FUS friluftsbarnehage opplever ein at det å vere mykje ute gir stor trivnad hos både barn og vaksne. l naturen vert leiken gjerne mindre styrt og ofte betre tilpassa enn i innandørs avgrensa areal.
Målsetting med friluftsliv
- Barna skal få verdifulle erfaringar i møte med naturen, og lære å ta vare på både planter og dyr.
- Barna skal bli glade i friluftsliv og å leike ute, og dei skal få kjennskap til å lage leirplass og lage mat ute.
- Barna skal lære å kle seg etter veret, og bli glade i å vere ute i all slags ver.
- Barna skal oppleve glede og meistring.
Vi vil gje barna gode opplevingar saman med andre barn og vaksne og gje dei kunnskap om naturen og om livet der. Dette gjer vi ved utforsking og undring over endringar som skjer i skogen og naturen gjennom året, ved å lage mat utandørs, ha fokus på berekraftig utvikling og vere fysisk aktive på tur.
I leik i naturen får barna god stimulering av den motoriske dugleiken sin. Balanse, kondisjon, rørsle, spenst, muskelstyrke og koordinasjon blir godt stimulert.
Motorisk meistring gjev stor meistringsglede.
Barna vert kreative i leiken, og leikar mykje fantasileiker. Dei treng ikkje ferdiglaga leiker, og fantasien blir stimulert når barna brukar kvistar og steinar og andre naturmaterialer som gjenstandar i leiken. Det er mykje å finne på og leiken utviklar seg ofte sjølv.
Alt rammeplanen beskriv at vi skal jobbe med i barnehagen, kan gjerast ute. Vi tek med både bøker, leiker som tåler å vere ute og formingsmateriell ut. Det einaste vi må tenkjer over når vi tek med ting og leiker ut, er at vi ikkje må legge att ting i utmarka, og at materialene vi nyttar i kreative prosessar ikkje skal forureine i naturen
Progresjon
For at barna skal oppleve glede og meistring skal vi legge til rette for varierte aktivitetar og utflukter tilpassa barnegruppa, og at barna får vere med og påverke innhaldet i kvardagen.
Vi legg opp til at dei minste barna skal vere akkurat passeleg mykje ute, og passeleg langt frå barnehagen slik at dei kjenner seg tilfredse og trygge.
Vi har ein eigen progresjonsplan som beskriv korleis vi arbeider med ulike aktivitetar og dugleikar innan friluftsliv med dei ulike aldersgruppene. Dette gjeld for eksempel å meistre lengde på tur, å handtere sekken sin, bruk av kniv og sag og deltaking i å lage bål og mat på bål.
Klede og utstyr
For å få god oppleving og erfaring med friluftsliv, er det viktig for barna å halde seg tørre og ved riktig temperatur. Personalet rettleier barna med påkledning etter forholda, og vi gjer vårt beste for å møte kvart enkelt barn sitt behov. Barna har ulikt aktivitetsnivå, og nokre er meir varme av seg, medan andre treng eit ekstra lag med ull.
Uansett er det viktig at barna ha gode og tilpassa klede og fottøy, og vi treng godt samarbeid med foreldre og føresette for at barna skal ha nok og riktig utstyr tilgjengeleg i barnehagen i løpet av dagen.
Då det kan opplevast at det blir stort forbruk av tur/fritidskle, vil vi absolutt oppmode om arv og gjenbruk av kle og utstyr.
Måltid og kvile
Barna i Fjellheim FUS friluftsbarnehage gjer seg ulike erfaringar med friluftsliv. Dei blir rettleia i å ta vare på seg sjølv og venane sine, og kjenne etter når ein treng mat, drikke og kvile.
Vi et som oftast frokost inne når barna kjem til barnehagen medan lunsj og grønsaks-/fruktmåltidet blir gjennomført ute og på tur.
Heimebaka brød og pålegg blir teke med i termobag, eller det blir laga mat på bål eller kokeapparat.
Alle barna har med eiga drikkeflaske med vatn, som dei har i sekken sin. Då er den tilgjengeleg når barna sjølv kjenner at dei er tørste.
Naturen gjev god moglegheit for kvile og ro. Der er lite støy og vi har fleire plassar å søke ly for ver og vind. Vi har garasjen og lavvo nær barnehagen og lavvo i skogen. I tillegg lagar personalet ly og kvileplassar ved hjelp av halvtelt og presenningar, og barna finn busker og holer å finne ro i.
Barna som har sovekvil i barnehagen søv alltid utandørs. På tunet har vi overbygd plass til vognene til barna som som skal sove.
På tur i terrenget kviler barna i hammock.