Denne fine, gode og kjekke barnehagen må dessverre legge ned drifta f.o.m. juli 2024.
Fjellheim FUS friluftsbarnehage har friluftsliv, uteaktivitetar, omsorg og vennskap i fokus. Barnehagen held til i utradisjonelle barnehagelokale og naturskjønne omgjevnader på Årbø, om lag 6 km frå Fitjar sentrum. Vi har 8 mål innmark, flott turterreng i umiddelbar nærleik og båt på Storavatnet. På uteområdet vårt har vi ein lavvo, ei scene, ei lita hytte og eit par sandkasser, elles har vi ingen "tradisjonelle" leikeapparat. Vi brukar naturen som leikeplass.
Barna er ute storparten av dagen, og er oftast på tur utanfor barnehagen, til forskjellige turmål med ulik distanse frå barnehagen. Desse turmåla er kjende for barna og har namn barna har laga sjølv opp gjennom tidene, mellom anna Kjekkaste plassen, Koseplassen og Diamanten.
Barna i Fjellheim FUS friluftsbarnehage gjer seg ulike erfaringar med friluftsliv, som å kle seg etter forholda, ta vare på seg sjølv og venane sine, og kjenne etter når ein treng mat, drikke og kvile. Barna får verdifulle erfaringar i møte med naturen, og dei lærer å ta vare på både planter og dyr.
For å oppleve gleda med uteleik og friluftsliv, tenkjer vi at vi begynner i det små. Vi tek barns perspektiv og let barna medverke, og gjer individuelle tilpassingar på turar og friluftsliv, ut frå alder og utviklingsnivå og behov for søvn og kvile. Både små og store opplever stadig meistringsglede ved å beherske nye utfordringar og nå nye mål.
Barna treng energi for å vere mykje ute og leike og lære. I Fjellheim FUS friluftsbarnehage legg vi retningslinjene for FUS SmartMat til grunn for val av maten vi serverer.
I Fjellheim FUS friluftsbarnehage har vi erfart at det å vere mykje ute aukar trivselen hos både barn og vaksne. I naturen vert leiken gjerne mindre styrt og ofte betre tilpassa enn inne i barnehagen sine avgrensa areal. Det er mykje å finne på og leiken utviklar seg sjølv. Barn leikar mykje på tvers av alder og kjønn, på ein inkluderande måte.