
I Fjellheim FUS friluftsbarnehage er barna mykje ute og i aktivitet, og vi legg FUS SmartMat sine retningslinje til grunn når vi tilbyr god og sunn mat som gjev koppen og hjernen energi og overskot til å halde ut gjennom dagen ute i frisk luft.
Vi bakar eigne grove brød så barna får ferske brød kvar dag, og vi lagar graut av ulike slag, men vanlegvis havregraut, til frokost eller lunsj eit par dagar i veka. Barna i Fjellheim FUS friluftsbarnehage er veldig glade i knekkebrød, så vi tenkjer at vi har god variasjon i tilbodet av brød- og kornmat.
Minst ein dag i veka lagar vi ein varmrett til lunsj, og ofte blir det laga mat på bål eller kokeapparat på tur i tillegg.
Vi held oss til vatn som tøstedrikk, og mjølk til måltid. På kalde dagar kosar vi oss gjerne med kakao :)
Her finn du retningslinjene til FUS SmartMat.