Hopp til innhold

Solid Start

SOLID SART SYKKYLVEN                                                                                                                                                                          

 

Alle barnehagane i Sykkylven har sidan 2015 gått saman om ei stor satsing som vert kalla Solid Start Sykkylven. Dette er eit omfattande fellestiltak der målet er at barna skal utvikle grunnleggande motoriske ferdigheiter som fundament for læring.

Modellen er henta frå Gausdal kommune, som etter oppstarten i 2010 kan vise til svært gode resultat. Ikkje berre helsemessig, men også i form av betre skrive- og leseferdigheiter, færre melde saker til PPT, mindre åtferdsproblem og betring på det psykososiale området. Representantar frå Sykkylven var på studietur til Gausdal både hausten 2015 og våren 2016, og opplegget har i ettertid blitt tilpassa lokale forhold.

Grovmotorisk, finmotorisk og sansemotorisk trening (t.d. augebevegelse) skal gi eit løft for alle barna. Men erfaring har vist at det er spesielt nyttig for dei såkalla ”gråsonebarna”. Dette er barn som står i fare for å utvikle ulike vanskar dersom tiltak ikkje vert sett inn tidleg. Nyare forsking viser at fysisk aktivitet har samanheng med kognitiv utvikling. Barn med gode motoriske ferdigheiter har betre skuleprestasjonar enn barn med nedsett motorikk.

Kommunal fysioterapeut og kommunal ergoterapeut er sterkt delaktige i prosjektet (rettleiing/praktiske øvingar/kartlegging/informasjon til foreldre m.m.). Alle kommunale og private barnehagar i Sykkylven er med. Det er opprette ei eiga lukka facebookgruppe der alle tilsette kan drive meiningsutveksling og dele tankar og idèar kring Solid Start Sykkylven. Det er også oppretta ein fagleg digital plattform med aktivitetstips, årshjul, faglege artiklar, nyheitsbrev m.m. Superbrukarar frå kvar barnehage møtast jamleg til samlingar for å dele erfaringar og motta rettleiing/informasjon. Nye idèar ført attende til eigen barnehage og prøvd ut i praksis. Det har dessutan blitt arrangert mange felles studiedagar der eksterne fagfolk har bidratt til kompetanseheving, m.a. Sherborneforeningen Norge og Motorikksenteret i Trondheim.  To sentrale stikkord for Solid Start Sykkylven ”leik” og ”ikkje-konkurranse”. Det skal vere kjekt og morosamt for barna, og dei skal oppleve at aktivitetane er eit mål i seg sjølv.

Barnehagane skal følgje eit årshjul i motorisk aktivitet, der alle barna i alderen 3-6 år skal delta i 30 minutt systematisk trening tre dagar per veke. Årshjulet styrer kva ein skal fokusere på i perioden og gir forslag til ulike type aktivitetar. Barna merkar ikkje at dette er trening, då det skal vere ein naturleg del av dagleg leik og aktivitet, og vert tilpassa føresetnadane til kvart enkelt barn. Når dette vert innarbeidd vil det bli ein integrert del av barnehagekvardagen. Målet er at Solid Start Sykkylven på sikt også skal implementarast i alle småbarnsavdelingar. Det vert også jobba mot ei innfasing på småskuletrinnet.