Rosendal FUS barnehage ligg sentralt plassert i bygda, og har i tillegg til eit flott uteområde, heile Rosendal og området rundt som leikeplass og turmål. Hytta vår i Steinparken, Baroniet, Vangsago og skuta Gurine er populære turmål.
Samslåtto er småbarnsbasen med barn 0-3 år. Dei held til i første etasje og har masse areal og stor tumleplass til leik, aktivitet og kvile. Gruppene på Samslåtto heiter Putt og Kalvatre.
Årmannstovo er storebarnsbasen med barn 3-6 år. Dei held til i andre etasje. På Årmannstovo har vi i år to grupper - Kjeldestøl og Midtseter/Grønestøl. Gruppenamna er henta frå stader i nærområdet vårt.
Både plasseringa til barnehagen, interessene til barna og dei tilsette er bakgrunnen for at vi flyttar mykje av læringa ut i naturen. I Rosendal FUS barnehage brukar vi naturen som læringsarena heile året.
Vi brukar begrepet Tur med retur i dette arbeidet. Fokuset er å ta vare på naturen, rydde opp etter oss og ta med litt meir tilbake til barnehagen enn vi tok med oss ut i naturen. Returlast for oss kan vere alt frå søppel, ny kunnskap, gode opplevingar, gryande vennskap og skattar vi har samla. Det vi tek med i retur skal inspirere til samtale, leik og læring.
Leik og vennskap skal alltid ha stort fokus. Dei voksne i barnehagen har god kompetanse på leik og relasjonsbygging. Eit mål for oss er å gjere barnehagedagen trygg og god for alle barn. Vi skal vera glødande, skapande og tilstades ilag med barna. Vårt mål er at; "I Rosendal FUS barnehage skal alle ha nokon å leika med".
Vil du vite meir om oss er du velkommen til å ta kontakt.
Velkommen til Rosendal FUS barnehage.

