Tilvenning i Rosendal FUS barnehage - småbarnsbasen
Alle får ein kontaktperson/ primærkontakt som vil fylgja barnet tett den fyrste tida, dei andre vaksne på basen nærmar seg gradvis etter kvart.
DAG 1:
Den fyrste dagen skal mor eller far vera med barnet i barnehagen, og det er mor eller far som hjelper barnet med det dei treng hjelp til som til dømes påkledning, stell, mat osv. Dette er for at barnet skal verta trygg i barnehagen og på oss vaksne før vi nærmar oss for mykje. Barnehagen får på denne måten nyttig informasjon om barnet og barnet sine måtar å kommunisere på. Den fyrste dagen ser vi på som eit besøk der 1 time er nok. Det er lurt å avslutta før barnet vert for sliten. Slik vert det lettare å kome tilbake neste dag.
DAG 2 OG 3:
Det vert gjort individuelle avtalar med pedagogisk leiar eller kontaktperson for dei neste dagane. Det bør setjast av minimum tre dagar til oppstarten. Målet for tilvenningsperioden er å gjera barn og foreldre trygge på barnehagen og at avskjeden med mor og far vert trygg for barnet. Kor lang tid dette tar, og korleis vi oppnår denne tryggleiken er ulikt frå barn til barn og det er difor vanskeleg med ei felles oppskrift. Det er ikkje bare dei første dagane som kan reknast som ein tilvenningsperiode. Vi anbefalar at barnet har kortare dagar den fyrste tida. Dei to fyrste vekene bør ikkje dagane vera lenger enn fem-seks timar. Mange inntrykk skal bearbeidast den fyrste tida. De vil få tilbod om ein oppstartsamtale i løpet av dei tre første dagane, der vi får nyttig informasjon om barnet og barnet sine rutianar.
AVSKJED:
I oppstarten får de ekstra oppfylging via telefon og SMS om avskjeden om morgonen vert vanskeleg. Om de ikkje høyrer noko frå oss er det lov å ta ein telefon eller senda ein SMS om korleis det går, så gir vi tilbakemelding på det. Når du skal gå er det viktig å fortelja barnet at du skal gå, og gå når du har sagt at du skal det. Ikkje vis at du er usikker. Då vert barnet og usikkert og du signaliserer at det ikkje er trygt å vera her (det er her det er godt med ein SMS). At barnet ser at foreldrene er trygge på dei vaksne i barnehagen, kan gjera det lettare å godta at foreldre forlet barnehagen. Tilvenning nye barn på storebarnsbasen: Vår erfaring er at tilvenning for store barn ofte går lettare, men som utgangspunkt bør foreldre også her sette av tre dagar der dei er delvis med i barnehagen og er tilgjengelige for barn og tilsette.