I Rosendal FUS barnehage har vi stort fokus på gode måltid. Det handlar i tillegg til sunn og næringsrik mat om; god tid, læring, samtale, samhold og mestring. Alle måltid blir avslutta med høgtlesing. Vi meinar at gode opplevelsar rundt måltidet fører til matglede og gode matvanar hos barna.
SMARTMAT – er ei felles satsing for alle FUS barnehagane. Vi ser at gode måltid bidreg til matgleda og gode matvanar hos barna. Vi serverer eit varmmåltid og eit smøremåltid i veka. Frukt og/ eller grønnsaker serverer vi kvar dag.
1.Vi serverer grønsaker til måltida. Vi serverer grønsaker så ofte vi kan – både oppskårne grønsaker til brødmåltid og varmmåltid med ein stor del grønsaker.
2.Vi brukar rein fisk eller fiskemat med høgast mogleg innhald av fisk. Vi er nøye med å velje produkt med mest mogleg fisk, dersom vi ikkje serverer rein fisk.
3.Vi brukar reint kjøt eller kjøtvarer med høgast mogleg innhald av kjøt. Vi er nøye med å velje produkt med høgast mogleg kjøttprosent, dersom vi ikkje serverar reint kjøt
4.Vi brukar mest mogleg næringsrikt korn. Vi brukar næringsrike kornsortar med mest mogleg fullkorn. Vi bruker òg fleire typar ulike belgfrukt.
5.Vi balanserar inntaket av ulike typar feitt. Det betyr at vi brukar plantefett som t.d. olivenolje og kokosolje, samt meierifeitt frå smør og ulike mjølkeprodukt.
6.Vi brukar vatn som tørstedrikk. Vi drikk vatn når vi er tyrste, og kosar oss heller med mindre mengder av anna drikke.
7.Vi brukar i størst mogleg grad naturlege søtingsstoff. Det betyr at vi bruker naturleg søte ting som frukt, bær og honning. (honning er ikkje anbefalt til barn under eitt år)
8.Vi har god balanse mellom varmmåltid og brødmåltid for å skape variasjon
Vi serverer alternativ til brødmåltidet så ofte vi kan, slik at barna får eit variert kosthald og inntak av nok grønsaker