Barnehagen vår har to bygg som står side om side. Me kaller det "gamlabygget" og "nyabygget"
I gamlabygget går 3-6 åringane. Her er det 6 leikerom og kjøkken. Kvart rom er innreda etter eit tema, og barna velger sjølv kvar det vil leike og kva aktivitet det ynskjer. Dei vaksne opnar rom og er på rom saman med barna.
Gymrommet: Eit rom utan møbler. Her kan barna leike med puter, eller lego/ playmobil inn på rommet. Rommet vert også nytta til samling, musikk, dans, eller kvilestund.
Familierommet: På dette rommet er det mykje fin rolleleik. Barna kan flytte inn i to små hus, eller rett og slett bu inni ein fin leikekrok. Her finn du leik som famileleik, butikkleik, legekontor, dyrepark, alt som fantasien gjev rom for.
Formingsrommet: Her er eit rom med masse forskjellig materiell som gjev rom for fantasi og kreativitet. Her kan barna teikne, male, lage smykker, perlebrett, modellkitt, klippe og limeaktiviteter. Her har me juleverkstad og påskeverkstad og andre formingsaktivteterer.
Spelerommet: På dette rommet har me lagt til rette for aktiviteter som gjerne er av litt rolegare slag: Her kan barnet lese i bøker og spele spel. Dette rommet vert mykje brukt av dei aller eldste barna. Dei et og lunsjen sin på dette rommet.
Frisørrommet: Her er det mykje fin rolleleik. Det er innreda som butikk og frisør. Kråkebollebasen har samlingstunder på dette rommet.
Akvarierommet: Her finn du eit stort flott saltvatnakvarie, med fisk og krabber. Her kan barna og leike med togbane, bilar, eller dyr.