Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan får ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. Når barnet begynner i barnehagen skal personalet sørgje for tett oppfølging den første tida, slik at barnet kan opplever tilhøyrsle og føle at det er trygt å leike, utforske og lære. (Rammeplanen kap. 6)
Når barnet skal begynne i barnehagen skal barnet venne seg til ein ny kvardag, eit nytt miljø, nye rutinar, bli kjent med mange framande menneske og ikkje minst, venne seg til å vera åtskilt frå føresette. Barnehageoppstart er derfor ein sårbar periode for barna men og for foreldra.
Den fyrste tida
Foreldra må setje av god til tilvenning. Vi oppmodar føresette om å planlegge tilvenningstida i barnehagen, og bruke siste del av permisjonstida, evt ha feriedagar til gode. Personalet og føresette må saman finne ut kva barnet har behov for, og vurdere kor mange dagar føresette skal vera med barnet i barnehagen. I starten ynskjer me at foreldra er til stade med barnet heile tida. Foreldra deltek aktivt med barnet i leik, måltid og bleieskift. Personalet skal bruke desse dagane til å bli kjend med barnet, barnet sine rutinar, og barnet sine uttrykk og behov, slik at barnet etterkvart ser på den vaksne som ein trygg omsorgsperson. Etterkvart vil foreldra kunne trekke seg litt vekk. Dette skjer gjennom dialog mellom foreldra og tilknytingspersonen.
Foreldremøte før oppstart
Vi inviterer føresette til alle nye barn til foreldremøte før sommarferien. Det blir då ein presentasjon av barnehagen og føresette får møte personalet som skal vera på avdelinga til barnet sitt. . Det vil bli omvising og høve til å få svar på spørsmål ein lurer på.
Besøke barnehagen
Alle nye barn vil bli invitert på besøk til barnehagen før oppstart. Føresette vil og få tilbod om ein oppstartsamtale, enten før eller rett etter barnet er starta i barnehagen.
Barnet sine behov – trygg tilknyting
Når eit barn begynner i barnehage treng det raskt å oppleve trygghet. Gode forutsigbare rutinar og samspel med sensitive vaksne er viktig. I den første tida i barnehagen skal barnet ha ein tilknytingsperson å forholda seg til. Tilknytingspersonens viktigaste oppgåve er å vera ein trygg base for barnet sin utforsking, leik og læring og ta imot barnet når det har behov for trøst og omsorg. Barnehagekvardagen er i midlertid slik at alle i personalet ikkje er til stade til ei kvar tid, så det er viktig at barnet også blir kjent med og trygg på alle vaksne på avdelinga så snart som mogleg. For å sikre ei trygg og god tilknyting er det viktig å anerkjenne barnest reaksjonar og behov. Vi skal la barnet få lov til å vere lei seg når føresette må gå, og ikkje avlede men trøste og sette ord på at det er trist og leit. Barnehagen skal elles bli kjent med barne og barnets rutiner og tilpasse seg desse i den grad det let seg gjennomføre. Barnehagens dagsrytme må særleg i tilvenningsperioden tilpassast barnas behov.
Ta kontakt med barnehagen dersom det er noko kring tilvenningsperioden som du lurer på.