Hege Okses Aase
Pedagogisk leiar på krabbebasen.
Hege er ei dame med godt humør og gode smil. Ho er tilstedeverande i møtet med barna, og har alltid eit fang og ein klem til dei som treng litt omsorg og trøst. Ho er flink til å sjå dei barna som treng nettopp dette. Hege er god på å planlegge dagen til det beste for barna. Ho blir fort kjent med barna og ser kva behov kvart enkelt barn har.
Hege har fordjupa seg i ledelse, samarbeid og utvikling, og ho har tatt videreutdanning i barns språkutvikling og språkforståelse.
Hege har og sertifisert seg som CLASS observatør.
Hanne Strand
Hanne er ei kjekke dame frå Stavanger. Ho byrja hos oss i august 2021. Hanne er roleg, og avbalansert og har alltid har eit godt smil på lur. Ho er veldig glad i å lese eventyr for barna, på ein slik fengande måte som gjer barna fullstendig oppslukt i eventyret. Det er kvardagsmagi.
Hanne er morosam og har god humor, samstundes som ho reflekterer og er flink til å sjå fleire sider av samme sak. Ho har alltid eit fang til barna til kos og til trøyst.
Hanne er for tida i permisjon.
Rosianna Julita
Assistent på krepsebasen.
Rosianna er ei sprudlande dame som alltid har godt humør. Ho er flink til å sjå kvart enkelt barn, men og sine kollegaer. Alle blir møtt med eit fantastisk smil og ho lurer på korleis me har det i dag.
Rosianna er aktiv og positiv. Ho kan utruleg mange barnesanger, rim og relger, og barna kjem til ho for å synge. Rosianna er ein tilstedeverande vaksen som er der for barna.
Katja Kayser Djupevåg
Dagleg leiar
Katja har vore i barnehagen sidan oppstart i 2006. Ho var ferdig utdanna i 1994, og har jobba i barnehage sidan, både som pedagogisk leiar og dagleg leiar. Katja sitter for det meste på kontoret, men ho prøver å finne tid til å ta ein tur rundt på basane. Ho brenner for at barnehagen skal vera ein trygg og god plass å vera for barn, men og for dei vaksne som jobber i her.
Katja ynskjer at barnehagetida skal vera eit godt fundament som barnet kan byggje videre på. Her skal barna bli møtt med omsorg og gode forutsigbare rutiner. Det er viktig at barna blir sett og anerkjent for den dei er. Alle er viktig og alle betyr noko for felleskapet. At barnet får vera med å medverke kvardagen sin og kjenne at dei får ta ansvar, er flott.
Barnehagetida skal vera magisk, og Katja setter pris på det som gjer kvardagen spesiell, Det kan vera personale som tek barna på tur og leiter etter småkryp under stein. Det kan vera ein båttur med storfangst og entusiastiske barn og vaksne. Det kan vera såpebobler på småbarnsbasen, eller nystekte rundstykker til lunsj. Det er mykje kvardagsmagi i ein barnehagekvardag.
Benedicte Fyllingen
Benedicte er assistent på krepsebasen. Ho har vore i barnehagen sidan mars 2022. Benedicte er aktiv med barna og likar å leggje til rette for leik og formingsaktivitetar.
Ann Kristin Bauge
Assistent på krabbebasen.
Ann Kristin er ei tilstadeverande vaksen med eit godt humør. Ho brukar humor i kvardagen med både barna og dei vaksne i barnehagen.
I leik med barna er ho flink til å sjå kva barna interesserar seg for, og brukar dette vidare. Ann Kristin ser kvart enkelt barn, og er ei mild og god vaksen.
Ann Kristin har eit godt smil, og smiler gjennom heile dagen, noko som er til glede for alle som er rundt ho.
Monika Hauge Larsen
Monika er assistent på Sjøstjernebasen. Monika byrja hos oss i februar 2024. Ho har funne seg raskt tilrette og blitt godt integrert blant små og store i barnehagen. Monika er utdanna kokk, men likar godt dei nye utfordringane ho no har fått her i barnehagen. Monika er 29 år, er omsorgsfull og blid. Interessa til Monika er mat, menneske, dyr og hage.
Linda Dale
Linda er ei blid og smilande dame som er veldig tilstedeverande. Linda er ein trygg og god vaksen for dei yngste barna. Det er noko Linda brenn for, nettopp det at barna skal ha ein trygg god plass med gode omsorgsfulle vaksne rundt seg. Ho er oppteken av at barna skal ha det bra og at tilvenning til eit nytt miljø skal vera god.
Linda er energisk og gjev mykje av seg sjølv. Enten det er tilvenning for nye barn eller praktiske gjeremål. Ho er god på å sjå alle rundt seg, både små og store. Ho er god på å sjå på ting som ei utfordring og ikkje eit problem. Alt kan løysast med god organisering, Ein flott eigenskap å ha.
Jannicke Wold
Pedagogisk leiar på krepsebasen
Jannicke er ei dame med eit godt smil. Ho er positiv og engasjert. Jannicke brenn for at alle barn skal bli sett og høyrt. Ho er oppteken av at barna skal vera delaktig i kvardagen sin, og få medverke i det som skal skje. Dette gjeld kvardagslige prosessar, men og temaarbeid dei har i basen.
Jannicke likar å ha samlingstunder, og har mange kjekke samlinger med barnegruppa si.
Ho er ei dame med mange idear. Ho sprudlar og har ofte mange prosjekt på ein gong.
Jannicke er sertifisert som CLASS observatør
Wenche Øye
Wenche har vore ansatt i barnehagen frå august 2006. Ho brenner for at barn skal ha eit godt psykososialt miljø i barnehagen. Ho er opptatt av at alle skal bli sett. Wenche har alltid eit smil til dei som er rundt ho. Ho har masse humor og om fredagen, då kjem ho ofte dansane og syngande innom alle basane, til stor glede og latter for barn og vaksne.
Wenche har fortida permisjon
Ina Vinnes
Pedagogisk leiar på Hummerbasen
Ina er ei blid dame som alltid smiler. Ho er er god på å sjå behova til barn men og til kollegaene sine. Ina er generøs, mild, omsorgsfull, kreativ og trygg. Ho legg til rette for at alle skal ha det bra - både barn og vaksne. Ina er engasjert i både barn og foreldre. Ho vil det beste for alle. Ho er veldig glad i dyr, og har tatt med både kyllinger og marsvin slik at barna får helsa på dei.
Ina er sertifisert Class observatør, og emosjonsveileder.
Kjersti
Barnehagelærar på kråkebollebasen.
Gjennom utdannings si som barnehagelærar har ho tatt fordjuping i dei yngste barna sin barnehagekvardag. Kjersti er god på å møte barna i kvardagen, der ho møter barna i deira høgde. Kjersti er roleg, og omsorgsfull og barna blir fort trygge på Kjersti. Ho har gode smil, tek seg tid til å lytte og har fine dialoger med barna. Alltid roleg og god stemme. Barna føler at dei blir hørt og sett. Kjersti er og veldig kreativ og har mange gøye kreative idear.
Kjersti er glad i å vera ute og skape gode magiske opplevingar på tur. Med dei eldste barna blir det gjerne lengre turer med matpakke i sekken.
Kjersti har ein fantastisk humor som me alle har glede av.
Malgorzata Reimus
Barnehagelærar på Sjøstjernebasen.
Malgorzata, eller Margareta som ho vil bli kalla, er ei energisk flott dame som kjem frå Polen. Margareta har budd i Norge i 8 år. Margareta har godt humør og masse humor. Ho er glad i aktivitetar med barna, som til dømes maleaktivitet, byggje med klossar, eller fange såpeboblar. Ho likar å vera i aktivitet og er aktiv i leik med barna både ute og inne. Margareta er multikunster, og ho fikser alt i ein fei.
Ho tenker på alle andre til einkvar tid, og ho er flink til å dele av erfaringer ho har.
Line Stenevik
Barne og ungdomsarbeider på krepsebasen.
Line har vore i barnehagen sidan oppstart i 2006. Line er oppteken av at barna skal ha det bra, og ho er særs oppteken av dei barna som treng litt ekstra hjelp og støtte. Line er engasjert i barna og lar barna få medverke i kvardagen sin i stor grad. Barna er delaktig i heile prosessen når dei har temaarbeid. Line brenner for det maritime konseptet vårt. Ho har ansvar for at barnehagebåten vår, Bekkjarvikingen, blir godt ivareteken og at båten er i tipp topp stand når båtsesongen startar i mai.
Line er flink til å sjå heilheten i barnehagen, og er god på å finne løysingar på organisering av dagen, til barnets beste.
Bente Aase
Assistent på krepsebasen
Bente er ei sprudlande dame som alltid har eit smil og ein god latter på lur. Ho liker sprell og fanteri, og ein veit aldri kva ho kan finne på. Bente er opptatt av "det lange håret sitt" og barna fortel ho gang på gang at det har ho aldeles ikkje. Bente kan komme utkledd som gammel dame, som hummer, som heks... Det er magiske stunder med mykje latter
Bente er god på å sjå kvart enkelt barn, men og kollegaer. Alle blir møtt med eit smil og ho er positiv, god på samarbeid.
Bente er vår bandidos (som ho seier sjølv) Barna kaller ho for tante Bente.
Lillian Forland
Assistent på krepsebasen.
Gode snille Lillian, med eit godt smil til alle. Ho er engasjert i barna, og står på for at kvardagen skal bli god for dei. Ho lyttar til det barna har å fortelje og er ein god omsorgsfull vaksen. Ho er positiv og rettferdig. Lillian er oppteken av at barna skal medverke i kvardagen sin. Ho er god på å reflektere saman med barna og lar barna finne løysinger på ei utfordring.
Lillian likar å vera ute, og ta barna med på tur i skog og mark.
Amalie Nordvik
Barne og ungdomsarbeider på hummerbasen.
Amalie har vore ansatt i barnehagen frå august 2017. Ho likar å vera i aktivitet med barna enten det er inne eller ute. Spesielt godt likar ho å ta basen med på turdagar til skog og mark, eller når basen lager mat ute. Ho er den som tar hengekøyer med på tur, som lager diskotek i sykkelskuret, og som lager kvardagsmagi. Amalie er engasjert i barna, ho lytter til det dei har å sei. Ho er tilstedeverandre saman med barna.
Liv Marit Rysjedal
Liv Marit er ringevikar hos oss. Ho er godt kjent med barnehagen då ho har jobba her sidan oppstart i 2006
Liv Marit er ei dame med mange års erfaring frå barnehage. Liv Marit likar å vera i aktivitet, og det er orden og struktur rundt ho. Når Liv Marit har kjøkkenvakt så blir det rydda i ein fei. Liv Marit har god humor med barna og er god på å skape gode stunder i kvardagen, med klem og ein god latter.
Karine Addington Aase
Assistent på krabbebasen.
Karine har vore i barnehagen sidan 2013. Ho er tålmodig og roleg, og tek seg god tid til kvart enkelt barn. Alle blir lytta til, og alle får kjenne på den gode omsorgen til Karine. Karine er tilstedeverande og aktiv deltaker i barna sin leik. Ho syngjer masse saman med barna. Karine brenn for vennskap og legg tilrette for god tid til leik i grupper.
Karine har god dialog med barna, still åpne spørsmål og får barna til å reflektere vidare.
Karine har alltid eit fang og tid til trøst til dei barna som treng det.
Torill Smedbakken
Barne og ungdomsarbeider på Hummerbasen.
Torill er ei dyktig dame som står på for alle barn og vaksne. Ho er ei dame med eit godt smil, og god på å sjå kva behov kvart enkelt barn har. Barn får fort tillit til Torill, og ho er ein trygg og god vaksen for alle. Torill tek seg til til å lytte, og ho har alltid god dialog med barna. Samstundes er ho er tydleleg overfor barna på kva ho forventar av barnet i kvardagen.
Om nokon får flis i fingeren, eller skader seg, så er Torill veldig god å ha i nærleiken.
Torill er akvarieansvarleg for saltvatnakvariet vårt, og ho er handywoman og fikser opp det som trengs.
Katinka Dale
Barne og ungdomsarbeider på kråkebollebasen.
Katinka byrja hos oss i 2016. Ho har ein egen evne til å få alle til å føle seg spesielle. Alle barna liker Katinka svært godt. Katinke er imøtekommande og har alltid eit ledig fang til trøst og kos for dei som treng det. Katinka ser alle og får med seg det som skjer rundt ho og barna. Ho har ein roleg utstråling som gjer ho til ein trygg og god vaksen. Ho er opptatt av at kvardagen skal vera til barnet beste. Katinka har alltid godt humør.
Isabel Susanne Etterlid
Assistent på sjøstjernebasen.
Flinke Susanne har full kontroll og oversikt over alle ting. Er det noko me ikkje finn, så spør me Susanne. Alle barna er trygge på Susanne. Ho har alltid eit smil, og eit fang til kos og trøyst. Susanne er veldig omsorgsfull og flink til å rettleie barna og at barna får bruke den tida dei treng for å få meistring. Susanne er snill og generøs, og hjelper alltid dei som har trong for det. Ho er god på å sjå kva behov kvart enkelt barn har. Susanne er utruleg god på å ha eit overblikk over alle barna, samstundes som ho er i leik med eit eller fleire barn
Susanne er vaktmester, og fikser opp i det som blir øydelagt og treng reperasjon.
Susanne er førstehjelpsansvarlig i barnehagen og sjekker at me har utstyr me treng på plass.
Regine Fondenes Nilsen
Barnehagelærar på hummerbasen.
Regine byrja hos oss i april 2021. Ho er blid og har alltid eit smil til dei som er rundt seg. Ho er veldig tilstedeverande og veldig god på å sjå kvart enkelt barns behov. Regine er ein roleg, og trygg og god vaksen som barna liker å vera saman med.
Regine gjev mykje av seg sjølv, både når ho er saman med barna, men og kollegaene sine. Regine engasjerer seg i leiken med barna, og ho er å finna i leik og aktivitet med mange barn rundt seg.
Annabell Magerøy
Annabell er assistent i på krabbebasen. Ho byrja hos oss i hausten 2022. Annabell har jobba i barnehage tidlegare, og har også vore litt vikar her hos oss før ho byrja her.
Annabell er ei dame som utstråler ein godhet og ein ro. Ho har eit godt smil, og viser mykje omsorg for barna.
Vivan Tøkje
Vivan byrja hos oss i oktober 2022. Vivian er på krepsebasen. Vivian trivast godt med dei yngste barna. Ho har ikkje erfaring frå barnehage tidlegare, men har barn og barnebarn som ho er mykje saman med.
Vivian har ein fin ro, og eit godt smil. Ho ser barna, har mykje omsorg. Ein høyrer den gode latteren hennes gjennom dagen, når ho er saman med barna. Vivian er eit kjent fjes for alle oss i barnehagen, då ho har jobba i ein av lokalbutikkane før ho kom til oss.
Marjolyn Legaspi Hugøy
Assistent på krepsebasen
Marjolyn byrja hos oss i november 2022. Marjolyn er ei smilande positiv dame som står på for at dei som er rundt ho skal ha det bra.
Marjolyn er ei imøtekommende vaksen som visar omsorg for alle. Ho er tålmodig og tar seg tid til kvart enkelt barn. Marjolyn har ein fin ro, som gjør at barna føler seg trygger rundt ho. Ein god tilstadeverande vaksen blant barna.
Anette Hauge
Assistent på Hummerbasen. Anette har vore hos oss sidan oktober. Ho er ei dame med masse gode smil, til både barn og vaksne. Ho har ein god latter som me høyrer gjennom dagen.
Anette er ei dame som har ein fin ro over seg. Ho tek seg tid til å lytte til barna og har omsorg og trøyst til dei som måtte trenge det.
Elise Kayser Frank
Elise er assistent på Sjøstjernebasen
Elise byrja hos oss i oktober 2022. Ho er mild og roleg og er godt likt av barna. Elise tek seg tid til å lytte når barna har noko dei vil fortelje, entan det er noko kjekt, eller noko som dei er lei seg for. Elise likar å teikne og vera kreativ saman med barna.
Stella Hvidevoll
Stella er barnehagelærar på Krabbebasen. Ho byrja hos oss i februar. Stella var ferdig utdanna barnehagelærar i mai 2023. Stellahar erfaring frå og barnehage og skule tidlegare. Ho har og vore student hos oss.
Stella har ein fin ro, og oversikt over det som rører seg i barnegruppa. Ho er flink til å sjå kvart enkelt barn, men og gruppa som heilhet. Ho likar utetid og friluftsliv og det magiske som skjer der. Me er glad for å ha fått Stella som ein del av teamet vårt.
Silje Kolbeinsvik
Silje er barne og ungdomsarbeider på kråbebollebasen.
Silje byrja hos oss i januar 2023, og glei rett inn i barnegruppa. Ho er flink til å sjå behov hos barna og tek tak i det som er viktig for barnet der og då. Silje er utdanna barne og ungdomsarbeider og har tidlegare jobba i skulen.