Maritim barnehage
Me er ein maritim barnehage som ligg i idylliske Bekkjarvik. Me har barnehagebåt ved sjøen, og saltvatnakvarie inne i barnehagen.
Me brukar båten så ofte me kan, når vær og vint tilet det. (Mai - oktober) Å gå på båtturar er magisk. Barna deltek i fiske, sløying, dra teiner, fangst av krabber, og fortøye båten etter bruk. Barna skal vera aktiv i båtlivet. Får me fangst, tek me fangsten med til barnehagen. Fangsten blir til teinemat, eller me tilbereder og smaker på det me har fått. Heimafiska fisk smaker godt.
Dei eldste barna er med på hummerfiske frå 01. oktober. Dei må førebu seg til dette. Dei fiskar hummeråte, som dei må salte, og dei må saman med vaksne undre seg over kvar hummeren bur.
Hos oss blir barna kjend med livet på sjøen. Barna blir kjend med maritime namn på båten, utstyr me bruker i båt, og fangstverkty. Dei vert kjend med ulike fisker me får, fisk som sym aleine, eller i fiskestim, dei kjenner att hann og ho krabbe, og dei veit kva fisk, krabbe og hummer likar å ete.
Sjøen er ein fantastisk arena for læring og refleksjon.
Dei vaksne som er i båten har båtførerbevis, førstehjelpskurs og livredningskurs.

