
Kari er vår daglege leiar. Ho har eit mildt og behageleg vesen. Ho vil alle vel og er veldig fagleg engasjert og interessert. Kari har alltid eit smil på lur! Ho leiar oss trygt og godt i kvardagen og er svært god på å ha fokus på kvalitet og essensielle verdiar i barnehagen. Ho jobbar for å få fram det beste i sine medarbeidarar.

Konstanse er pedagogisk leiar på Kvitveis.
Ho er opptatt av at alle barna skal bli møtt med omsorg og gode føreseielege rutinar. Konstanse ser barna og anerkjenner dei for den dei er. Alle barn er viktige og alle betyr noko for fellesskapet. Konstanse er svært opptatt av at barna skal få oppleve meistring, glede og vennskap i barnehagen.
Ho er også oppteken av at barna skal ha det bra og være trygge, og at tilvenning til eit nytt miljø skal vera god.
Ho har tatt fordjuping i natur, helse og bevegelse, ved Høgskulen på Vestlandet på Stord, og er oppteken av å bruke naturen som læringsarena, samt skape gode naturopplevingar for borna. Konstanse er morosam og har god humor, samstundes som ho reflekterer og er flink til å sjå fleire sider av same sak. Ho har alltid eit fang til barna til kos og til trøyst.

Bjørg Sissel er pedagogisk leiar på Skogstjerne. Bjørg Sissel er ein dyktig og engasjert pedagog. Hennar engasjement smittar over på avdelinga. Bjørg Sissel er imøtekommande, anerkjennande, leikande, profesjonell og genuint opptatt av barna sin trivsel og utvikling. Hennar tilstadevering og nærleik sørger får at kvart enkelt barn blir sett og høyrt. Ho er raus og byr på seg sjølv. Ho har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er ein fantastisk kollega. På fritida likar ho å gå tur og vera ute i naturen. Ho er også glad i handarbeid som strikking eller hekling.

Ana er pedagogisk leiar på Kvitveis. Ho er alltid i godt humør! Ana er synonym til faglig kvalitet! Ho er opptatt av å sjå kvart enkelt barn sine ibuande ressursar og har eit sterkt engasjement for oppfølging av barn som treng ekstra omsorg. Ana brenn for at alle barn skal føle seg trygge i barnehagen og at dei opplever at dei blir sett og hørt. Ho elskar å vera ute og bruker dette som eit viktig læringsrom der ein kan undre seg saman med barna. Ana er også ein fantastisk kollega!

Nina er pedagogiske leiar på Røsslyng. Ho er ein blid og engasjert kollega som me set stor pris på! Ho har masse positiv energi som ho deler med små og store.

Elisabeth er i for tida i permisjon.

Borghild er pedagogisk leiar på Raudsildre. Borghild møter deg alltid med eit smil og eit positivt engasjement som smittar. Ho er anerkjennande, omsorgsfull, løysningsorientert og opptatt av barna si utvikling og trivsel. Borghild er veldig aktiv og glad i naturen og alt den har å by på.

Aud Mari er barnehagelærar og er for tida ute i permisjon.

Åshild er assistent på Skogstjerne. Ho er ein positiv, erfaren, trygg, strukturert, humoristisk og fagleg sterk vaksen som både store og små trives rundt. Ho likar seg særdeles godt på tur med gruppa si, og er med på å gi barna gode naturopplevingar. Åshild har vore på dei fleste toppane rundt Sunnhordlansbassenget, skikkeleg sprek. Ho syng både i kor og i barnehagen!

Bodil er assistent på Røsslyng. Ho er varm og raus, har eit stort hjarte for barna og er ein god kollega. Bodil er flink med forming og handarbeid. Og driv gard med sauer, i tillegg til å arbeida i barnehagen, noko me har stor glede av kvart år når me får komme på besøk for å sjå dei nyfødte lamma.

Grethe er assistent på Skogstjerne. Grethe er ei sprudlande dame, som byr på seg sjøl. Ho er positiv, varm og vil kun det beste for små og store. Ho er ein engasjert og omsorgsfull person med lang og god erfaring frå arbeid i barnehage. Grethe er glad i å gå på tur, og i å tilbringe tid med familien.

Bjørg er assistent på Kvitveis. Ho er kunnskapsrik, tilstadeværende og imøtekommende. Bjørg har mykje og lang erfaring og har alltid eit godt ordtak eller ein ny song på lur. Ho ser enkelt barns behov og er svært dyktig i det ho gjer. Med kunnskapen og erfaringa si er ho flink til å læra både barn og vaksne om naturen og mangfaldet som er i den når me er på turar.

Nina er fagarbeidar på Røsslyng. Ho er ein varm, nær og omsorgsfull vaksen som alle er veldig glad i. I samlingsstunder skaper ho magi, både i barnehagen og ute på tur.
I møte med Nina blir du møtt med empati, forståing, humor og gode faglege refleksjonar.
På fritida likar Nina å gå på tur. Så ofte ho kan reiser ho med familien sin til det idylliske småbruket på Sæternes.

Roberto er fagarbeider på Raudsildre. Han er ein mann med godt humør og mykje energi. Han er positiv, omsorgsfull og er veldig flink med barna. Han er kreativ og løysingsorientert. Roberto har lang erfaring frå arbeid i barnehage, både som styrar og pedagogisk leiar. Han har allsidig fagleg bakgrunn bl.a innan spesialpedagogikk og stor interesse for matematikk på barnehagenivå. Roberto har gitt ut barneboka "Hoppetuss og skogens språk" På fritida likar han å gå på tur og å lage mat.