Kjenneteikn på friluftsbarnehage:
- Ha eigne faste basar utanom barnehagen
- Bruke mellom 5,5 og 8 timer utendørs kvar dag
- Formidle verdiar og haldningar gjennom opplevingar i naturen
- Skape barn som føler tilhøyre i naturen
- Få barn til å føle ansvar overfor det miljøet dei er i
- vidareføre ein ideologi som frå før er sterkt forankra i kulturen vår (jakt, fiske , hausting, gardsdrift)
- Flytte det pedagogiske arbeid ut i naturen
- Oppleve at støy ikkje er ei utfordringa når når dei oppheld seg i naturen.
Naturen gjev stort rom for leik og kreativitet.
Barna er nysgjerrige og naturmangfaldet lokkar barna inn i nye situasjonar. Leiken vert prega av ei veksling mellom å utforske det som er kjend og ukjend, prøvd og uprøvd på måtar som kan innebere både risiko og fare fordi små og store utfordringar heile tida kan og vil oppstå.
Barna byggjer demningar i bekkar, klatrar i tre, smakar på bær, alt etter kva som kjem i deira veg og som fengjer deira interesse.
Gjennom eigenstyrt leik i naturen gjer barna seg kjend med kvar krik og krok , kvar tue dei spring over og kvar grein dei kryp under.
Med alle sansane tileignar barna seg personleg kjennskap til dei muligheiter og avgrensingar som samspelet mellom eigen kropp og omgjevnadane tilbyr, på måtar ein berre kan leve og leike seg til.
Gjennom bruk av naturen som leikeplass går både støy og konfliktsnivået ned.