Me har ledige plassar frå august 2023.
Ta kontakt med dagleg leiar Mats om de ønsker å kome på besøk og sjå korleis me har det:)
Dalen FUS Friluftsbarnehage ligg sentralt til langs hovudvegen mellom Leirvik og Rommetveit, på same tomt som Sveisen barnehage låg i «gamle dagar».
Barnehagen opna i 2009. Me har plass til ca 52 barn.
Me har eit flott bygg, som eignar seg godt til avdelingar og arbeid i smågrupper.
Leikeplassen vår er delvis naturtomt. Dette gjev barna mogelegheiter til varierte sanseerfaringar og motoriske utfordringar på eige område.
Så langt me kan deler me barna i aldersreine grupper.
3-5 åringane går på stor base. Gruppene der heiter Røsslyng og Raudsildre.
Dei minste 1-2 åringane går på liten base, på Kvitves og Skogstjerne.
Innanfor basane samarbeider gruppene tett, og tidleg og seint på dagen samarbeider ein på heile huset. Dette gjer at me er ein barnehage der alle kjenner alle! Dette ser me på som ein styrke ved vår barnehage!
Hausten 2021 endra me namn og profil og vart til Dalen FUS friluftsbarnehage.
For oss betyr det at me er ute på tur 4 dagar i veka, og at me tek med oss mykje av det pedagogiske arbeidet ut i skogen, på stranda eller til andre turmål.
Me legg til rette for leik og læring gjennom friluftsliv.
Torsdagane er det møtedag for personalet. Denne dagen har me tilrettelagt aktivitet ute i barnehagen.
Barna vert som oftast levert inne, og er inne fram til dei skal på tur.
Dei eldste gruppene går på heildagsturar frå ca kl 9.30-14.00, medan dei yngste gruppene har kortare turar på formiddagen.
Kor ein går, kor langt ein går og kva aktivitetar me tilbyr vert tilpassa dei ulike aldersgruppene.
Me nyttar oss mykje av leirplassen vår som ligg i gangavstand frå barnehagen. Denne innbyr til god leik og til motoriske utfordringar.
Nærområdet vårt er variert. Me har kort veg til Hystadmarkjo, idrettsanlegg i Prestegardskogen, skog, sjø og fine strender.
Ute på tur skal barna få oppleve glede og meistring, og me legg til rette for gode og meiningsfulle opplevingar i gruppa.
Personalet vårt er er glødande, skapande og tilstadeverande. Mange av våre tilsette har lang erfaring frå arbeid i barnehage og er opptatt av kvalitet i kvardagen og av glede og humor i samspelet med barna.
Som friluftsbarnehage legg me vekt på å:
· Ha faste turmål utanom barnehagen
· Vera ute mellom 5,5 og 8 timer kvar dag
· Å formidle verdiar og haldningar til barna gjennom opplevingar i naturen
· Gje barna ei kjensle av tilhøyre i naturen
· Få barn til å føle ansvar overfor det miljøet dei er i
· Vidareføre ein ideologi som frå før er sterkt forankra i kulturen vår (jakt, fiske , hausting, gardsdrift)
· Flytte det pedagogiske arbeid ut i naturen