Hopp til innhold
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

Leikemiljøet i barnehagen

Eit godt leikemiljø vert kjenneteikna av at miljøet rundt barna er tilrettelagt for allsidig leik og variasjon, og at det gjev utfordringar til barn i alle aldrar. Det er viktig at romma er bevisst innreia, slik at barna kan finne ro i leiken. God leik har utgangspunkt i eitt godt tilrettelagt leikemiljø i saman med aktive, deltakande vaksne.

Det fysiske læringsmiljøet inviterer til ulike typar leik og handlingar og fører til ulike erfaringar for barna. Leikemiljøa våre skal inspirere til aktiv, god og variert leik.

Me organiserer rom, tid og leikemateriell for å inspirere til ulike typar leik og me legg til rette for utvikling av leiketema . Dette bidreg til at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik. Dei vaksne hos oss er bevisst på si eiga rolle i høve til barna sin leik. Viktig at den vaksne er til stades når barna leikar, deltek i leiken eller er ved sida av når barna leikar, bidreg aktivt til at alle kjem inn i leiken og til å hjelpe med å utvikle leiken der det er behov for det. (Rammeplan)