Coasteering (Vasstilvenning)
Me har nytta tilskot til svømmeopplæring frå Statsforvaltaren, til å investere i utstyr til coasteering/vasstilvenning i sjø.
Dette er eit tilbod til førskulebarna våre for å gje dei eit godt grunnlag til å utvikle eigne symjeferdigheiter. Aktiviteten kan gjennomførast heile året.
Coasteering er ein form for friluftsaktivitet der ein klatrar, hoppar, sym og beveger seg i vatn, langs klipper og svaberg. Barn og vaksne vert utstyrt med våtdrakter, sko, hjelmar, vestar og hanskar, før ein saman går i vatnet. Gjennom leik får barna teste ut eigne og andre sine grenser, og utforske sjøen på eigne premisser.

