SMARTMAT FOR MATGLEDE OG GODE MATVANAR!
"Små heltar må ha overskot til leik og læring!"
"Skal du vera høgt og lågt, er liten men skal bli stor, må du ha rett mat.»
Kva er SmartMat?
SmartMat er FUS-barnehagane sitt matkonsept der me legg vekt på følgjande:
G R Ø N S A K E R
Me serverer grønsaker så ofte me kan – både til brødmåltid og varme måltider.
F I S K
Me serverer rein fisk, eller produkt med mest mogeleg fisk.
K J Ø T
Me vel reint kjøt, eller produkt med høgast mogeleg kjøtprosent.
K O R N
Me brukar næringsrike kornsortar med mest mogeleg fullkorn.
B A L A N S E R T I N N H A L D A V
F E I T T
Me bruker plantefeitt som for eksempel olivenolje og kokosolje, samt meierifeitt fra smør og ulike mjølkeprodukt.
V A T N
Me drikk vatn når me er tørste, og kosar oss heller med mindre mengder av annan drikke.
N A T U R L E G E S Ø T S T O F F
Det betyr at me bruker naturleg søte ting som f.eks. frukt, bær og honning (honning er ikkje anbefalt til barn under eitt år).
V A R I A S J O N
Me serverer varme måltid og andre alternativ til brødmåltidet så ofte me kan, slik at barna får eit meir variert kosthald og nok grønsaker.
Gjennom fokuset på SmartMat og sunt kosthald skal barna læra å få eit godt forhold til mat, samt lære noko om å kva mat som opprettheld energi nivået over tid.
Korleis er det hjå oss?
I Sævarhagen FUS barnehage har me kokk som serverer barna varm mat til lunsj fire dagar i veka. I tillegg får barna mjølk kvar dag, og eit brød og frukt måltid på ettermiddagen. Barna må ha med seg niste til frukost. For dette betaler foreldra matpengar, for tida kr 370,-/mnd. På heildagsturar tek me enten med oss ferdig tilberedt mat på tur, elles så hender det at maten vert laga ute. Informasjon om menyen kvar dag ligg i kalenderen i MyKid.
Vårt mål:
Vårt ambisiøse mål er å skape matglede gjennom riktig og sunt kosthald. Hovudet og kroppen skal utvikle seg, og alle små heltar må ha overskot til leik og læring heile dagen. Næringsrik og riktig mat som inneheld nok av dei gode «byggeklossane» er ein føretsetnad for å sikre optimal utvikling av hjernen og resten av kroppen. Det bidrar til at barna får overskot til aktivitet og konsentrasjon.