Hopp til innhold
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

Ansatte i barnehagen

Kari Vraspillai

Kari er vår kjekke og nye daglege leiar! Ho har lang erfaring bak seg frå arbeid i andre barnehagar. Kari har eit mildt og behagelig vesen, ho vil alle vel og og har alltid eit smil på lur. Kari er veldig fagleg engasjert og interessert og opptatt av at  personalet i barnehagen er i fagleg utvikling. Ho leiar oss trygt og godt i kvardagen og er svært god på å ha fokus på kvalitet og essensielle verdiar i barnehagen. Ho jobbar for å få fram det beste i sine medarbeidarar. 

Anne Karin Nilsen

Anne Karin er nestleiar i barnehagen. Ho har lang erfaring frå barnehagedrift på ulike nivå, og har jobba som både pedagogisk leiar, dagleg leiar og barnehagekonsulent, i tillegg til at ho har erfaring frå interkommunal tilsynsgruppe på barnehagefeltet. På fritida er ho mykje ute på tur, både på sjøen og til fjells. Ho elsker å reise, synge, lese og halde seg fagleg oppdatert. Ho brenn for friluftsliv og har drive sin eigen friluftbarnehage i 20 år.  Ho er god til å observere, organisere og vegleie andre. Ho brenn for utvikling og forbetring og er ein tydeleg og varm leiar! 

Hilde Lønn

Hilde er pedagogisk leiar på storebarn på Flo. Hilde elskar jobben sin, og står på både seint og tidleg for at alle rundt ho skal ha det bra! Hilde har lang erfaring frå arbeid i barnehage. Ho fagleg sterk, og tek dette året vidareutdanning innanfor relasjonskompetanse. Hilde er rådgod på å sjå heilheten i barnehagen, organiserer og set ting i system, alltid med barna sitt beste i fokus!
Ho har mykje positiv energi og har ofte fleire prosjekt gåande samstundes. Ho er ein nær og tilstadeverande vaksen for barna i barnehagen.
Hilde er ei dame som det er veldig kjekt å jobbe med. 

Anita Hernes

Anita er pedagogisk leiar på småbarn på Frøet. Ho har mange års erfaring frå arbeid i barnehage. Anita er i dame med godt humør, hos henne sit latteren laust. Ho er imøtekommande, anerkjennande og veldig opptatt av barna sin trivsel i barnehagen. Ho er ein tydeleg og god vaksen for barna. Anita er ei engasjert dame med stor fagleg kompetanse og med mange gode meiningar. Ho er glad i naturen og likar seg veldig godt på tur.

På fritida likar ho å vera med familien. Ho har og fått seg hund som ho elskar å vera med.

Rune Vorland

Rune er pedagogisk leiar på storebarn på Flo. Rune har lang erfaring fra arbeid i barnehagen. Han er god på å sjå enkeltbarn,  har alltid eit ledig fang for dei som treng det og han tek seg tid til barna. Rune byr på seg sjølv og går glatt inn i rolle og barna på gruppa hans får gjerne får besøk av «Sjørøvar Wally». Rune er ganske unik, då han er de einaste av våre tilsette som har bustadadresse på månen (dette kan alle barna på storebarn stadfesta) Rune er raus, spør du han om noko så får du aldri eit nei til svar. Han er alltid positiv innstilt og har ein stor varme og omsorg for alle rundt seg. Rune er ein god og trygg sjåfør av minibussen og ein god kaptein på båten vår. Rune er eit ekte friluftsmenneske som kan trylla fram nydelege rettar ute i naturen.

På fridtida brukar han mykje tid saman med hunden Mira, ikkje minst i jaktsesongen. Når Rune har vore på jakt deler han historier med barna, dei får gjerne sjå ei rype og nytta rypeklo og fjør som målereiskap.  

Rebekka Grov

Rebekka er pedagogisk leiar på storebarn på Fjæra. Rebekka er ei sprudlande dame med eit enormt engasjement for jobben sin. Ho møter alle, både små og store med eit varmt smil. Rebekka har eit humør som smittar over på barna og oss som jobber med henne. Ho er kreativ, løysingsorientert og genuint opptatt av at kvar og ein i barnehagen skal ha da bra.
Me er heldige som har Rebekka i barnehagen vår. Me diggar Rebekka og alle hennar lure påfunn 😊

Laila Tytingvåg

Laila er pedagogisk leiar på småbarn. I løpet av ei veke er ho innom både Frøet, Fryd og Knoppen.Laila har lang erfaring frå arbeid i barnehage, både som pedagogisk leiar og som styrar.Ho er genuint opptatt av barna. Ho er omsorgsfull, varm og møtekommande og veldig opptatt av å gje barna gode opplevingar i barnehagen. Laila trivest veldig godt utandørs og på tur med barna. Ho bidreg til å gje barna stor glede av å opphalda seg i naturen. Laila er tilstadeverande og bryr seg om barna med sitt rolege og behagelege vesen. Ho er ein trygg og god vaksne for barna og ein særdeles god kollega. 

Vibeke Albretsen

Vibeke er pedagogisk leiar på småbarn på Knoppen. Ho er ei dyktig dame med eit stort varmt hjarte for små og store i barnehagen. Ho er engasjert i jobben sin og flink til å motivere og inspirere sine medarbeidere. Vibeke er imøtekommande, tilstadeverande  og har alltid eit smil på lur. Ho ser kvar enkelt barn og gir barnet den omsorga og støtta barnet treng. Ho lagar til magiske samlingstunder inne som ute på tur.  Ho er eit raust menneske som byr på seg sjøl.  Me er veldig glade for å ha ho med på laget.

Silje Fjøsne

Silje er pedagogisk leiar på storebarn på Spira. Silje lyser av engasjement  i kvardagen, og er både glødande, skapande og tilstadeverande i møte med barna. Ho er ein vaksen barna er trygg på, som dei alltid kan komme til. Ho brenn for tilrettelegging av gode leikemiljø, og brukar mykje tid på å bygge opp gode rom for barna. Ho tek initiativ til aktivitetar og leik, og bidreg både som deltakar og støttespelar. Hun er dyktig i kreative prosesser, og bruker sin eigen kreativitet til å legge til rette for at barna får bruke fantasi og oppleve mestring. Silje har bidratt sterkt i arbeidet med å etablere kunst som pedagogisk verktøy i barnehagen. Silje er varm og omsorgsfull og veldig opptatt av at alle barna skal trivast i barnehagen.

Silje er sertifisert Class-observatør og barnehagen sin ressursperson i Class.

På fritida er Silje ofte å finna ute i naturen i saman med familien sin

 

Elise Kirkebø Hafsun

Elise er pedagogisk leiar på småbarn på Fryd. Elise er veldig blid, har godt humør og har ein fantastisk utstråling av godheit. Ho er ikkje redd for å by på seg sjølv, både i samlingsstund, eventyrstunder og saman med barna. Elise har fordjuping i kunst, kultur og kreativitet. Elise er undrande, omsorgsfull og set barna først. Ho er engasjert i arbeidet sitt og er ein veldig god leiar som inkluderer alle saman både vaksne og barn. På fritida så nyttar ho mye av tida saman med venner, kjærasten og hunden som heiter Luna. 

Celine Aaserud Hystad

Celine er barnehagelærar og var ferdig utdanna 2019. Ho er på storebarn og inne i eit vikariat på Spira . Det er ein fryd å jobbe saman med Celine! Ho har godt humør og elskar å vere med barna å leike rolleleik. Ho ser det einskilde barnet og klemmane sit laust. Celine er god på eksperimentering, alt i frå å laga vulkanar i sandkassa til å sjå kva som skjer når ein blandar måling og vatn med dropar av matolje. Ho skapar gode refleksjonar og undring i saman med barna rundt dette. Celine er ein raus medarbeidar og ei stor solstråle.

På fritida likar ho å trene samt vere saman med gode venner.

Jon Arne Lillebotn

Jon Arne er pedagog på storebarn og i vikariat på Spira.  Jon Arne er utdanna barnehagelærar med fordjuping i kunst, kultur og kreativitet. Dette ser me att i barnehagen då det viser igjen i arbeidet han gjer. Spesielt musikk er noko han brenn for og det går sjeldan ein dag utan at han tek fram gitaren. Han er ein trygg, roleg og svært omsorgsfull vaksen som knyt sterke relasjonar med barna gjennom si tilstadevering. I møte med barna er han ein leikande og engasjert vaksen som ser enkelt barnet og deira behov. Som kollega er han svært samarbeidsdyktig, fagleg reflektert og eit ekte JA- menneske.

Guttorm Ø.Fjose

Guttorm er assistent på storebarn på Spira og er ein roleg og lun vaksen med lang erfaring frå barnehagen. Han er kreativ og full av idear! Ute i naturen er han verkeleg i sitt rette element. Han sørger for at me alltid har det me treng med oss på tur: lagar bål, tryllar fram ulike rettar på bålpanna og bidrar med mange allsidige aktivitetar.  Guttorm har både minibuss-sertifikat og båtførarprøven og er ein trygg og god sjåfør både til "lands og til vanns". I mange år har han vore HMS ansvarleg i barnehagen. Eventyrlysta hos Guttorm står sterkt både i barnehagen og på heimebane og han dreg med seg både oss i barnehagen og barna heima på mange fantastiske innhaldsrike eventyr! Han er ein godhjarta og fantastisk fin fyr som det er godt å vera i lag med!  

Helene Vikene

Helene er fagarbeidar på storebarn på Fjæra. Ho er ein trygg og god vaksen i barnehagen. Helene er god på å skape gode relasjonar, til både barn og vaksne. Ho er også ein resurs i samtalar i lag med barna. Helene er ein sprudlande person, som gir av seg sjølv i barnehagen. Når Helene er på jobb kan ho komme som Mikkel Rev, Klatremus, Sofie eller andre kjende og ukjende karakterar. Det kan også oppstå fantestrekar , i lag med barna ,når ho er på jobb. Latteren sitt laust rundt ho. Helene lagar stemningsfulle og innhaldsrike samlingar og forteljarstundar, noko barna etterspør og vil ha meir av.

Leikemiljøet er også noko Helene er med på å utvikle jamleg.

 

Jannicke Stokken Salomonsen

Jannicke er fagarbeidar på småbarn på Knoppen. Jannicke har mange års erfaring med arbeid i barnehage. Barn og vaksne blir veldig fort glad i Jannicke. Ho er veldig observant og er god på å sjå kvart enkelt barna sine behov. Ho er ein trygg og god vaksen for dei små barna våre. Jannicke er veldig anerkjennande, omsorgsfull og genuint opptatt av barna si utvikling og trivsel. Ho er ein veldig god kollega som ser alle rundt seg, både barn og vaksne. Når du er så heldig å få vera kollega med Jannicke blir du møtt med forståing, empati, humor og gode faglege refleksjonar.

Jannicke er veldig aktiv på fritida si, her kan me mellom anna nemne maraton løp og fjellturar. Ho er og veldig engasjert i familien sin, og oppheld seg mange timar på handball, fotball og skeisebana saman med barna sine.

Kristine Maraas Heggøy

Kristine er fagarbeidar på storebarn på Spira. Kristine er barne -og ungdomsarbeidar og byrja å jobba hos oss i 2020. Kristine har lang erfaring frå arbeid i barnehage. Kristine er opptatt av at alle barna blir sett og høyrt, er veldig omsorgsfull og har alltid eit ledig fang. Ho har veldig god humor og får alle rundt seg i godt humør. Kristine elskar å leike i lag med barna og er alltid tilstades der dei er. Ho er veldig flink på å laga spanande samlingar som engasjerer både barn og vaksne. Me er veldig glade for å få jobba i lag med Kristine! 

 På fritida likar ho å vera saman med familien sin.

Lene Hallaråker

Lene er fagarbeidar på småbarn på Fryd. Ei kjekk og sprudlande dame med god erfaring i jobben. Ho er ein imøtekommende vaksen, omsorgsfull, leiken, humoristisk og dyktig i jobben. Ho kreativitet og har gjerne ein sang på lur. Ho er raus og byr på seg sjølv. Lene er engasjert i barna, noko som gjer at barna føler seg både sett og høyrt. 

På fritida er Lene med familie og venner. Ho likar seg ute i naturen og er gjerne ute og fiskar med barn og sambuar på Bømlo. 

Reidun Lunde Kannelønning

Reidun er assistent på småbarn på Frøet. Reidun har jobba i barnehage i mange år, ho har erfaring frå familiebarnehage med få barn til større barnehage med større barnegrupper. Reidun er genuint opptatt av barnet, men også av foreldresamarbeidet, ho prøver alltid å møte barna og foreldra på det dei måtte trenge.Reidun er ein varm og omsorgsfull vaksen. Ho har eit utrulig barnetekke, ho gir av seg sjølv, er på golvet med barna, har alltid eit fang til fleire og er alltid opptatt av at barna skal få oppleve ro og trygghet.

Reidun er den vaksne som barnet hugsar langt opp i vaksen alder og som gir barnet ei trygg ballast frå barnehagen. Ho har alltid eit smil eller ein god latter på lur som gjer at små og store trivst veldig godt i lag med henne.

Wenche Regine Hansen

Wenche er assistent på småbarn på Knoppen. Wenche er veldig imøtekommande, kunnskapsrik og tilstadeverende.  Ho er flink å sjå kva enkelt barn treng og støttar dei i følelsane deira. Wenche har alltid plass på fanget med trøystande og gode ord. Hennar ro og engasjement smitter over på dei ho har rundt seg, både barn og vaksne. Ho har ofte noko gøy  med seg i lommene sine, såpebobler, handokker m.m. 
Me som barn og kollegaer er heldig som har Wenche i nærleiken, ho er ein trygg og god vaksen.
På fritida er Wenche glad i tur og friluftsliv. Ho er engasjert i familen som er aktive med fotball og handball.

Reidun Leknesund

Reidun er kokk i barnehagen vår. Me er så glade og takksame for at me har henne som kokk! Ho er ein viktig del av barnehagen dagen vår, ho gjer dagane våre mykje lettare og bidreg til god flyt i kvardagen.  Reidun er sprudlande og glad med eit smittsamt humør. Ho lagar knall god og variert mat til store og små i barnehagen. Ho har fleire kreative og morsomme måtar og framstille maten på, spesielt dersom den kan sjå litt skummel ut å smake på. Reidun er veldig allsidig, og har ved fleire annledningar jobba i barnegruppene. Det syns både me vakse og ungane er veldig kjekt! Reidun byr på seg sjølv, og barna som et måltida sine på kjøkkenet får alltid oppleve ei blid og morsom Reidun. Treng me hjelp, stiller ho gladeleg opp.

På fritida er Reidun engasjert i familien sin på fritida, med fotball og korps.

Hanne Therese Emberland Børtveit

Hanne Therese er vikar på småbarn på Fryd. Hanne er ein kreativ kollega som lagar mye spanande saman med barna. Ho har positiv og god energi og er ein varm og trygg vaksen for barna.Hanne er engasjert i jobben sin, og god på å sjå kvart enkelt barn. Ho er tilstadeverande og løysningsorientert og kjem alltid med ei hjelpande hand. Ho har godt humør og eit godt smil. 

Hanne er friluftsmenneske og veldig glad i å vera ute i saman med barna sine.

Hanne Mari Giske Hindenes

Hanne Mari er pedagogisk leiar i barnehagen og har for tida permisjon. Frå slutten av mars skal ho vera pedagogisk leiar på Fjæra i saman med Rebekka. Ho er ein imøtekommande, varm og trygg vaksen som alltid er i godt humør. Hanne Mari er opptatt av å sjå kvart enkelt barn sine ibuande ressursar og er genuint opptatt av barnas trivsel og utvikling. Hennar kreativitet og brennande engasjement for faget spegalar igjen i arbeidet hennar. Hanne Mari er ein raus person og ein fantastisk kollega. 

Victoria Sæternes Laussen

Victoria er pedagogisk leiar og er for tida i permisjon. Victoria er sprudlande og har alltid eit glimt i auga. Ho er veldig omsorgsfull, leiken og ser kvart enkelt barn. Som kollega er ho like leiken, og tar lett ein aprilsnarr-spøk på heile personalet! Ho er rolig og fin med barna og utstråler tryggleik - samtidig som ho byr på seg sjølv i samlingar, uteleik og aktivitetar. Barn og vaksne føler seg sett i møte med henne! Victoria er god på å organisera og har alltid god oversikt over store og små. Ein stor ressurs for barnehagen vår. 

På fritida kosar ho seg saman med mann og to barn

Camilla Kyvik

Camilla er fagarbeidar og er for tida heime i permisjon. Camilla er ei sprudlande, trygg og leiken vaksen. Ho er engasjert i leiken med barna både inne og utandørs. Ho er alltid positiv innstilt, møter deg kvar dag med eit smil og har eit godt blikk for store og små. Camilla er raus og byr på seg sjølv og er god å vera i saman med for både barn og vaksne.

På fritida bruker ho tida i stallen med hesten sin og saman med familie og venner.

Johannes Malnes

Johannes er pedagogisk leiar på småbarn på Fryd. Johannes er omsorgsfull, glødande og ein aktiv vaksen, han har godt humør og ein smittande latter. Johannes har fordjuping i «språk, tekst og matematikk» og har ei ekstra utdanning innan «språk og språklæring i barnehagen».  Johannes er opptatt av å sjå kvart enkelt barn og korleis me kan støtte barna der de treng oss. Me er utrulig glad for å ha han som kollega i Sævarhagen. På fritida er Johannes aktiv på turar i skog og fjell, og når han ikkje er på tur så er han saman med familie.