Ved foreldreaktiv tilvenning er foreldra med barna fem heile dagar under tilvenningsperioden i barnehagen.
Hovudpunkta ved foreldreaktiv tilvenning:
Foreldremøte i april for nye foreldre.
Besøksdagar i barnehagen for barn og foreldre før oppstart.
Ved oppstart er foreldre til stades saman med barnet i fem dagar. Forsking viser at tilvenning over fem dagar er best for barnet.
Foreldra deltek aktivt i praktiske oppgåver i barnehagen, og har ansvar for barnet i leik, stell og måltid.
Tilknytningspersonen frå barnehagen er i nærleiken, nærmar seg og vert kjent med barnet gradvis medan foreldra fortsatt er trygt tilstades.
Oppstartsamtale med pedagogisk leiar i løpet av tilvenningsdagane.
Me har god erfaring med gruppetilvenning med der innntil 3 nye barn vert kjent med barnehagen saman. Når barnet søv vil det vera mogeleg for foreldra å ete nista si, få ein kopp kaffi og slå av ein prat med dei andre nye foreldra.
Foreldra deltek i våre daglege aktivitetar, inne som ute, og får ein smakebit på kva me gjer på i barnehagen. Det er foreldra som skal vera med barnet desse dagane, vera i nærleiken når barnet leikar, hjelpa det ved maten, skifta bleie, få barnet til å sove, vera der når barnet vaknar. Barnet skal verta trygg hos oss saman med ein av foreldra og så vil personalet gradvis ta over. Kor lang tid dette vil ta, varierer gjerne frå barn til barn. Nokon er klare etter tre-fem dagar, andre treng meir tid. Dette tilpassar me undervegs.
I utgangspunktet er planen slik:
Dag 1: kl. 9.30 til 14.30.
Dag 2: kl. 9.30 til 14.30
Dag 3: kl. 8.30 til 14.30 (barnet vil då få vera med på frukosten som er fram til kl.9.00)
Dag 4: barnet kjem i barnehagen ca. kl. 9.00 og me prøver at barnet er aleine til kl.15.00.
Sævarhagen FUS sine erfaringar med denne tilvenninga:
- Meir tilfredse småbarn, som gret utruleg mykje mindre i barnehagen under og etter at tilvenningsperioden er over.
- Veldig nøgde foreldre som får god kjennskap til barnehagen på nært hald, og får tid og anledning til å verte kjent med dei vaksne i barnehagen og dei andre foreldra som er på tilvenning samtidig.
- Gode tilbakemeldingar i frå foreldra på oppstartssamtalane. Dei ser nytta av denne og mange opplever det som godt å ha ein plass der det er rom for å ta opp forskjellig dei har på hjarta.