Eigenleiing handlar om dei ulike mentale verktøy barn brukar når dei løyser sine dagleg utfordringar. Barn må kunne sette igang, planlegge og organisere eigen åtferd. Dei må og kunne regulere eigne følelsar i ulike situasjonar og vere fleksible nok til å prøve ut ulike løysningar når det krevjast. Eigenleiing er viktig for det sosiale samspelet, medverknad og for å meistre kvardagen. Eigenleiing er evna til å ver aktiv og sjølvstendig i ei oppgåve over tid. det er også viktig for å kunne danne venskap og halde på relasonen. I rolleleik får barn både utvikla og styrkje eigenleiinga si, difor er det fokus på både frileik, rolleik og organisert leik i barnehagekvardagen.
Leiken er det viktigaste barn kan holde på med ig eigenverdien til leiken er sentral. Barn leiker for å leike og leiken gjer barna glede og humor. Det er og gjennom leik barn opparbeidar seg dei beste vilkåra for kompetanse på å skaffe seg vener.
Me legg til rette for å gje leiken og barns eigen kultur gode vilkår gjennom å vere aktive og tilstadeverande vaksne med kunnskap om barns leik og leikeutvikling på ulike alders- og modningsnivå. Me skal støtte opp om barns leik og skjerme leiken der det er naudsynt. Gjennom fokus på eigenleiing og leik får barn moglegheit til å tileigne seg sosiale, språklege og kognitive ferdigheitar på ein naturleg måte.
Eigenleiing dannar det viktigste grunnlaget for utvikling og opprettholdelse av venskap, forebygger mobbing og blir knytt til tidlege ferdigheitar innan lesing, skriving og matematikk. Evna til å eigenleiing er avgjerande for sosialt samspel, deltagelse og medverknad i barnehagen. Med godt utvikla eigenleiingsferdigheiter skal barn frå Sjøliv FUS ha det beste utgangspunktet for livlang læring.