Hopp til innhold
VELKOMMEN TILBAKE! Nå skal vi endelig leke, hoppe, løpe og herje sammen igjen: ) Nære, men med avstand. Vi følger selvfølgelig Folkehelseinstituttets smitteveileder og holder oss i mindre grupper med god hygiene. Vi gleder oss!

Maritime aktiviteter

Det er viktig for oss å satse på det maritime. Me er ein kystkommune, me har kort vei til sjø og me har barnehagebåt (austevollsnekka). Dette gjer at me har moglegheit for å utforske sjø og strand både frå land og frå sjø. Austevoll er ein liten øykommune og her har me alltid livnært oss på det havet har gitt oss. Fiskeri, oppdrett, havforsking og olja er sektorer som er viktig for oss - og som store deler av befolkninga er knytt opp mot. Me er også avhengig av ferje for å kome til fastlandet. Det blir derfor viktig at barna tidlig lærer seg å ferdast ved og på sjøen, ha respekt for den og vete korleis me nyttar ressursane frå havet og kor viktig det er at me tek vare på naturressursane våre.

Kvart år har me maritime veker. Då er me i båt og i fjæra. Lagar og smakar frå mat frå havet. Tileignar oss ny kunnskap - som bygger på det me lærte året før. Utnyttar materialer frå sjøen til å utforske eller til å lage noko med. Me ser på oppdrettsanlegg, fiskebåtar, fiskeutstyr, redningsvestar og andre ting som høyrer med.