Livsmestring og helse handlar om barns trivsel, livsglede, mestring og følelsen av eigenverdi i barnehagen.
For å gje kroppen det beste grunnlaget for god helse og utvikling, må vi leggje til rette for ein sunn balanse mellom trivsel, aktivitet, mestring, kvile og eit sundt kosthald.
Barnehagen skal vere ein trygg stad kor samspel, fellesskap og venskap utprøvast. Me skal hjelpe barna i denne prosessen ved å vere tilstadeverande vaksne som deltar, lyttar, ser og tilrettelegg. Me skal lære barna å handtere utfordringar og bli kjend med eigne følelsar.
Barn har behov for kvile og ikkje alle klarar å styre dette på eigenhand. Difor er det viktig at me legg tilrette for rolege aktivitetar og kvilestund i barnehagen. Det kan tildømes vere lesestunder, lydbok, teikne, pusle, perle, høyre på roleg musikk. Når barnet kvilar bearbeider hjerne inntrykk, den fjernar avfallstoff og kvilen er med på å redusere stressnivået i kroppen. Å kvile er nødvendig for at me skal lære nye ting og tenke effektivt.