FUS smartMat er eit mat- og måltidskonsept om sunn mat og gose matvanar som fremmer matglede hos barn. I Sjøliv FUS tilbyr me fullskost. Det betyr at barna får det dei treng av mat og måltid i løpet av barnehagedagen i barnehagen.
I løpet av dagen er barna i mykje aktivitet og da treng kroppen påfyll av energi. Barn er i vekst og da er det viktig at dei får mat som er næringsrik. Kropp og hjerne skal utvikle seg på best mogleg og barn treng å ha overskudd til leik og læring gjennom heile dagen. I Sjøliv FUS bruker me god tid til kvart måltid, slik at barna opplev måltidssituasjonen som hyggeleg - og noko dei gler seg til. Måltida er og ein pedagogisk situasjon - til dømes har me deltaking i matlaging, språutvikling (kva gjer me, kva heiter ting, korleis ser ting ut) me får utvikle smaks- og luktesans - noko mat smakar betre enn anna mat.
I kjøkkenhagen vår er barna med på å plante, ta vare på og høste matvarer - dette er ein prosess som både store og små set stor pris på - og lærer masse av. Bildet viser egenproduserte reddiker.
For å lykkast med SmartMat har FUS utarbeidet 8 retningslinjer .
- Me serverer grønnsaker til måltida
- Me brukar rein fisk eller fiskemat med høgt fiskeinnhald
- Me brukar reint kjøtt eller kjøttvarer med høgt kjøttinnhald
- Me brukar mest mogleg næringsrikt korn
- Me balanserer inntaket av ulike typer fett
- Me brukar varn som tørstedrikk
- Me brukar i størst mulg grad naturlege søtningsstoffer
- Me har god balanse mellom varmmåltid og brødmåltid for å skape variasjon.