Rammeplanen seier dette om bærekraftig utvikling:
«Barna skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Bærekraftig utvikling omfatter natur, økonomi og sosiale forhold og er en forutsetning for å ta vare på livet på jorden slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor en viktig oppgave i å fremme verdier, holdninger og praksis for mer bærekraftige samfunn. Bærekraftig utvikling handler om at mennesker som lever i dag, får dekket sine grunnleggende behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners mulighet til å dekke sine. Det handler om å tenke og handle lokalt, nasjonalt og globalt.
Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå at dagens handlinger har konsekvenser for fremtiden. Barnehagen skal legge grunnlag for barnas evne til å tenke kritisk, handle etisk og vise solidaritet. Barna skal gjøre erfaringer med å gi omsorg og ta vare på omgivelsene og naturen. For samiske barn betyr dette å leve i samklang med, nyttiggjøre seg av og høste av naturen. Barna skal få naturopplevelser og bli kjent med naturens mangfold, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhørighet til naturen».
Slik arbeider me med bærekraftig utvikling i Valvatna FUS barnehage:
-egenledelse i leik og læring er ei stor satsing i FUS. Målet er å styrka barna si evne til å ta og oppretthalda kontakt med andre barn og vaksne gjennom sosialt samspel og leik. I møte med andre barn og vaksne tilegnar barna seg ferdigheter og evner til å forhandla, komma med ynskjer og behov, yttrykka seg og lytta til andre, handtera konfliktar m.m.
-sjølvstendiggjering styrkar barna si evne til å tru på seg sjølv, og at dei sjølv kan få til noko berre dei prøver. Dette handlar om å ha tru på eigne handlingar, tankar og meiningar.
-sosial læring føregår gjennom heile barnehagekvardagen. Dette handlar om å styrka evna til samspel med andre, sjå, lytta og uttrykka seg sjølv. Barna får erfaring med å vera del av ei gruppe, delta i demokratiske avgjerdsler og sjå at dei har påverknad på verda rundt seg. Såleis styrkar ein evna til livsmeistring.
-gode naturopplevingar gir me barna gjennom alle turane våre. Me er på tur langs stranda, i skogen og på fjellet. Dette gir barna god erfaring med å ferdast i ulent terreng, bevega kroppen, kjenna på kulde og varme. Me ser på småkryp, fuglar og fiskar. Me plukker nøtter, frukt og bær som me nyttar i matlaging.
-fokus på årstider har me gjennom å følgja naturen. T.d. kan me sjå på trea, og korleis årstidene med ver, vind og temeratur påverkar knoppar, blomar og blad. Fargane som endrar seg, lauvet som fell ned på bakken om hausten m.m.
-fuglekasse med kamera brukar me å hengja opp kvar vår. Der følgjer me prosessen frå reirbygging, egg som vert lagt, fuglemor som ruger til egga som vert klekka. Så følgjer me fuglemor og far som kjem fykande med mat, fjørene som veks fram på fugleungane, og korleis dei stadig veks og vert klare til å fyka ut. Plutselig ein dag er reiret tomt når me kjem i barnehagen.
-egg som vert klekka til kyllingar gir barna erfaring med korleis livet utviklar seg frå små egg til levande kyllingar som vandrar rundt. Fyrst små kyllingar med våt pels og litt forsiktig gange, før dei veks seg store med gul, mjuk pels og høge pip.
-kildesortering gir barna erfaring med korleis me skil avfall og sorterer dette, samt korleis me kan nytta avfallet på nytt i andre former.
-fysikk eksperiement nyttar me for å gi barna erfaring med korleis atmosfæren fungerer. Til dømes ser me korleis kaldt vatn vert tilført varme slik at det kokar. Dampen stig opp og renn ned att som våte dropar. Akkurat som i atmosfæren med sol, varme, skyer, kulde og regn.
Hos oss handlar alt dette om å gi barna erfaringar og opplevingar som dei seinare kan byggja vidare på, og såleis få ei forståing av korleis alt heng saman.