Basane våre har fått namn etter nokre av figurane i Hundremeterskogen.
Kenguane er basen for dei yngste barna våre, 1-2 åringane. Sjå for deg ei kengumor som ber barnet sitt i lomma på magen. Det er trygt og godt. Barnet kan gå ut av denne lomma, søkja spennande leiker og opplevingar. Kanskje leika litt med andre barn, men alltid ha muligheten for å trekka seg tilbake til den trygge kengulomma. Slik har kenguane våre det på kengubasen.
NasseNøffane er ca.2-3 år. Dei har truleg vore kenguar, men er no blitt større og vil gjerne «snusa» litt på livet, leikekammeratane og alle aktivitetane i barnehagen. Dei er motorisk aktive og klatrar gjerne både over og under kvarandre. Når dei et vert det fort litt søl, men det gjer ikkje noko, og dei har det veldig kjekt saman.
Tussiane er 3-4 år. Dei har så lyst til å klara det meste i livet sjølv. Noko er vanskeleg, og dei må ofte øva og prøva for å få til noko nytt. Av og til vert dei litt lei seg, og treng både trøyst og oppmuntring akkurat som Tussi i Hundremeterskogen.
Tigrane er 4-5 år. Dei har gått i barnehagen i nokre år, og har lært seg å forhandla, komma med ynskjer og behov, samt gi uttrykk for kva dei meinar. Dei likar godt å leika saman, men tar gjerne ein liten kamp om det skulle vera nødvendig.
Uglene er 5-6 år. Dei er inne i sitt siste år i barnehagen. Dei har god oversikt, veit kva som skjer og er snart klare for å fyka vidare ut i verda.