
Valvatna FUS barnehage er bygd som ein avdelingslaus barnehage med 84 enhetar/omlag 65 barn og 15 årsverk i grunnbemanninga. Det er ein felles garderobe for alle, og barna kan sjølv velgja leikerom når dei kjem om morgonen. Alle barn og vaksne tilhøyrer ein fast base, som dei er på frå klokka 9.00 til 12.30. Basane har faste turdagar.
Barnehagen vektlegg sjølvstendiggjering gjennom leik, sosial læring og gode naturopplevingar.
Me kan tilby kvalifisert og glødande personale, eit flott naturområde som del av uteleikeplassen vår og fast vaksen på kjøkkenet som sikrar eit sunt og variert kosthald for barna. Me har eigen minibuss som tar oss med til alle dei flotte og spennande naturområda på Stord og nabokommunane.
Ta gjerne kontakt for eit besøk.
Søk barnehageplass