Mat og måltid
FUS stiller krav til eit sunt kosthald i alle sine barnehagar, og kallar det Smart mat
Målet er å sikra at mat som vert servert i vår FUS barnehage legg forholda best mulig til rette for optimal fungering, vekst og utvikling. Me forholder oss til Helsedirektoratet si anbefaling til bra mat i barnehagen: www.shdir.no/matibarnehagen
SMART mat betyr at:
- Me serverer grønnsaker til måltida
- Me brukar rein fisk eller fiskemat med høgast mulig fiskeinnhald
- Me brukar mest mulig grove kornprodukt
- Me balanserer inntaket av ulike typar fett
- Me brukar vatn som tørstedrikk
- Me brukar størst mulig grad naturlige søtningsstoff
- Me har fokus på variasjon av brødservering og annan mat som varm mat og baking
Smart mat er dei beste byjggeklossane for utvikling av egenledelsen i leik og læring.
Det er heilt grunnleggjande for at barn skal vera i stand til å oppretthalda god leik over tid er at dei får i seg næringsrik og nok mat som sikrar at hjernen og kroppen fungerer optimalt.
Rammeplanen seier dette om livsmestring og helse: «Måltider og matlaging i barnehagen skal gi barna et grunnlag for å utvikle matglede og sunne helsevaner».
Dette gjer me ved at barna får delta aktivt i matlaginga med jamne mellomrom, både i barnehagen og på tur. Me fokuserer på at måltida skal opplevast som ei fin stund gjennom barnehagedagen, der ro og gode samtalar skal vera i fokus.