Mål for leiken
-utvikla gode leikeferdigheter hos barna
Dette ser me ved at barna
-har lett for å komma i gong med ein aktivitet,
-legg gjennomførbare planar,
-brukar alternative strategiar når det trengs,
-hugsar kvifor det held på med ein aktivitet,
-klarer å regulera sine emosjonelle reaksjonar ovanfor omgivnadane,
-ser si rolle og sin innverknad i sosialt samspel
- lærer av både feiltrinn og suksess.
Kva tankar har me om leiken?
-leiken er barna si verd
-alt kan skje, berre fantasien set grenser
-barna styrer innhaldet sjølv, noko som skapar trygghet og meistring for dei
-leiken er viktig for språkutviklinga, samt den intellektuelle, fysiske, sosiale og emmosjonelle utviklinga
- motivasjonen til å leika ligg innebygd i barna, men leikekompetansen må utviklast
- leiken kan nyttast til å kikka inn i barna si verd, og sjå kva som opptar dei, ettersom barna leikar ut opplevingar.
Vaksne som veiledar:
Dei vaksne som arbeider i barnehagen har her ei viktig rolle som veiledar. Dei skal gjennom arbeidet sitt:
-tilretteleggja for leik
-gi barna tilgong på leikemateriell
-tid og ro til leik
-observera kva barna er interessert i og tilretteleggje for dette
-observera og delta i leiken ved behov
-leika inn barn som ikkje får delta
-ha oversikt og hjelpa til med å finna løysingar, komma med forslag og idear
-vera gode rollemodellar for samhandling og vennskap
FUS-barnehagane har eit felles satsingsområde. Tema er ”Egenledelse i leik og læring”.
Målet vårt er å skapa større forståing og kunnskap om kor viktig leiken er i barna si utvikling. For å kunna delta i leik på ein god og utviklande måte, må barna tileigna seg mange viktige egenskapar og ferdigheter. For å få dette til må me vaksne delta og støtta barna i leik og samhandling. Me tar utgongspunkt i forskningsarbeidet til Marianne Godtfredsen og Kristian Sørensen. Dei forskar m.a.på hjernen si utvikling og kor viktig sosialt samspel og tileigning av nye opplevelsar og erfaringar er for barnet si utvikling. Dei fokuserer mellom anna på egenledelseshjulet som definerer sju ulike ferdigheter eit barn bør beherska for å delta i leik på ein likeverdig måte.